Godøy – Norborg 4-1 (3-0)
Godøy KGB, 01.10.2015
Sjansar: 8-6
Cornere: 5-9
Avslutningar på mål: 6-7
Avslutningar utanfor: 3-7
1-0 Trond Brynestad (2)
2-0 Svein-Arve Alnes (22)
3-0 Trond Brynestad (39)
4-0 Trond Brynestad (50)
4-1 Christian Sæther (66)
Norborg si sigersrekke fekk ein bråstopp då Godøy blåste dei for kvelden svartkledde av bana før pause. Norborg stod då med lua i handa og let Joakim Austnes, Trond Brynestad og Svein-Arve Alnes gjere kva dei ville. Norborg var det førande laget etter pause, men var aldri i nærleiken å ta poeng.
– I kveldens kamp vart vi blåst av bana! Først og fremst av Godøy, som med stor innsats og effektivt angrepsspel i første omgang, vinner fortent! Der nest blir vi blåst av bana av den sterke vinden som heimelaget meistra betre enn oss. Vi blir også blåst av bana av dommaren som fråtek oss ein sjanse frå kritmerket og å spele i overtal. At krinsen kan sette opp ein så lite rutinert trio i ein så viktig kamp er uforståeleg, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Sterk sidevind prega denne kampen, men Norborg kan ikkje skylde på den for dette tapet. Det vart før pause gjort mange elementære feil, noko Godøy sine offensive “stjernespelarar” utnytta til fulle. I det 2. minutt stod Norborg høgt og vart hardt straffa då Trond Brynestad lurte seg inn bak stopparane, mottok ballen og sette den elegant i mål. Norborg skapte eit par sjansar dei neste minutta, men verken Kristoffer Søviknes eller Ole Johan Urke fekk dreis på sine avslutningar. På andre sida av bana skapte Joakim Austnes store problem utan at sluttproduktet var bra nok.
Ved halvspelt omgang dobla Godøy leiinga då Svein-Arve Alnes heada ein corner kontant i nota og gjorde oppgåva endå vanskelegare for norborgarane. Minuttet etter ser alle på stadion bortsett frå dommar Birkeland at Kristoffer Hildrestrand vart hekta innafor 16 meteren og vart fråteken ein sjanse åleine med keeper. Her skulle det vere straffe og utvisning.
Mot slutten av omgangen var først Joakim Austnes åleine med keeper Geir Roar Gamlem, men sleiva ballen utanfor. 3-0 skulle likevel kome. Målet likna veldig på det første. Norborg sin stoppar feilbereknar og ballen sprett over han til Trond Brynestad på løp igjennom. Brynestad gjor heller ikkje denne gong nokon feil og sette ballen sikkert i mål.
Norborg sitt lag var i denne omgangen ikkje til å kjenne igjen frå dei sju tidlegare kampane i haust. Ein sleit defensivt og rytma i angrepet var totalt fråverande med mange enkle feil og liten kreativitet. Det var divisjonsforskell på laga før pause, men mykje kunne ha sett annsleis ut om ein hadde fått straffe og spelt med ein mann meir.
Om Norborg gjekk sjokkerte inn i garderoba så kom eit nytt sjokk når ein kom dit. Då sa keeper Geir Roar Gamlem at han måtte ut med skade. Han hadde fått ei låsning og greidde knapt å bevege seg. Med Joakim Kjærstad i Kongo tok utespelar Steffen Grytten på seg handskane. Grytten stod haustsesongen i 2002 då det vart opprykk til 4. divisjon. Så heilt uerfaren er han ikkje. Den gong kom han i fokus for å vere den einaste som har redda eit straffespark av Austefjord sin målkonge Per Tore Måen. I kveld kom han i fokus for noko heilt anna.
Norborg starta 2. omgang godt, men så skulle det skje noko merkverdig. Trond Brynestad vart avvinka for offside. Keeper Grytten ser linjedommaren står med flagget og antok at det var avblåst. Han spelte dermed ballen ut dit han trudde frisparket skulle takast, men dommar hadde ikkje blåst i fløyta. Brynstad tok ballen og sette den sikkert i mål bak ein forfjamsa Grytten. Dommar såg først ut til å annullere målet, men etter ein prat med linjedommaren vart målet godkjent. Dermed 4-0 og kampen avgjort.
Norborg styrte det meste etter pause, men kom ikkje nærmare enn Christian Sæther si redusering i det 66. minutt. Både Tarjei Urkedal og Fredrik Krogsæter kom seg til sjansar keeper redda forsøka. Dermed kunne Godøy juble for 4-1 siger og tre poeng.
Neste kamp er heime mot Larsnes/Gursken torsdag kl. 19.
Laget: Geir Roar Gamlem (Kristian Søviknes, 46) – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Christian Sæther – Øyvind Sundnes, Steffen Grytten, Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 46) – Ole-Kristian Aarseth (Henning Koppen, 78), Kristoffer Søviknes.