Norborg – Vigra 8-1

Norborg – Vigra 8-1 (2-1)
Uggedal stadion, 10.09.2015

Sjansar: 21-1
Cornere: 10-2
Avslutningar på mål:17-1
Avslutningar utanfor: 14-1

1-0 Ole-Kristian Aarseth (4)
2-0 Sjølvmål (8)
2-1 Adrian Rørseth (31)
3-1 Øyvind Sundnes (46)
4-1 Kristoffer Søviknes (60)
5-1 Kristoffer Søviknes (65)
6-1 Kristoffer Søviknes (71)
7-1 Kristoffer Søviknes (77)
8-1 Øyvind Sundnes (89)

Norborg fekk som venta ein enkel kamp mot eit redusert lag ifrå Vigra. Ein trøbla likevel i store delar av 1. omgangen etter å ha fått to tidlege mål, og lot Vigra få kome inn i kampen inn mot pause. Etter kvila var det likevel ingen tvil og Norborg valsa over sine gjestar. Kristoffer Søviknes spelte midtstoppar i 1. omgang, men rakk å score fire mål då han vart flytta fram som spiss i 2. omgang.

Eg er nøgd med dei første 15 og dei siste 45 minutta i kveld. Då har vi det balltempoet, pasningskvaliteten og den rørsla vi ønsker! Dei siste 30 av første omgang, transporterer vi for mykje ballen, mister balltempo og med det rytmen i angrepsspelet vårt, sa trenar Stig Johansen.

Norborg gjekk hardt ut og fekk løn for strevet med to tidlege mål. 1-0 kom etter eit vakkert oppspel frå Kristoffer Hildrestrand til Ole-Kristian Aarseth som tok med seg ballen på kassa før han roleg plasserte ballen i mål bak keeper. 2-0 kom på ein corner frå Ole Johan Urke. Etter litt klabb og babb inni 5 meteren sette ein Vigra-spelar ballen i eige mål.

Norborg fortsette å ha ball og trykket på Vigra. 13 minutt ut i omgangen vart Øyvind Sundnes felt innafor 16 meteren og dommar dømmer straffe. Hans Edvard Nordang er normalt sikker frå kritmerket, men denne gong fekk keeper ei hand på ballen og slått den i stolpen. Returen sette Ole Johan Urke over mål.

Etter dette fall kvaliteten på Norborg sitt spel. Ein skapte forsatt ein del sjansar og både Kristoffer Hildrestrand og Tarjei Gjerset Urkedal traff tverrliggjar, men sjølve spelet var svakt med mange feilval. Vigra skapte omtrent ingenting, men etter ein dryg halvtime viste Adrian Rørseth seg fram då han tok med seg ballen inn frå venstrekanten og fann vegen til nettmaskene med eit skot frå 16 meteren.

Norborg gjekk til pause med 2-1 leiing etter ein omgang under pari.

Trenar Johansen gjorde grep og flytta Kristoffer Søviknes opp som spiss til 2. omgang. Det skulle etter kvart vise seg å vere eit godt grep. 58 sekund ut i omgangen var det klart for ein annan formspelar i Norborg då Øyvind Sundnes heada inn ein corner frå Hildrestrand til 3-1. Norborg var totalt overlegne i denne omgangen og skapte sjanse på sjanse. Ein time ut i kampen var det klart for Kriss-show. På 17 minutt scora han fire mål. 4-1 kom etter at han snappa opp ei svak demping av ein Vigra-spelar og spurta mot mål. Åleine med keeper gjor han ingen feil å sette ballen sikkert i mål. 5-1 kom etter innlegg frå Ole Johan Urke og heading i mål frå fem meter. 6-1 og 7-1 er nesten identiske. Først heada han inn ein corner frå Urke. Så ein corner frå Christian Sæther. Like før slutt auka Øyvind Sundnes til 8-1 då han sette inn ein retur etter at Kristian Søviknes stussa eit frispark frå Hildrestrand i stolpen.

Dermed ein komfortabel 8-1 siger i ein kamp ein kunne ha vunne med langt fleire mål om konsentrasjonen var til stede før pause. Likevel 8 mål på 21 sjansar er ikkje dårleg. 4 av måla kom på corner. Det er bra med tanke på at ein har berre scora eitt cornermål på dei første 16 kampane. Kampens store spelar var sjølvsagt Kristoffer Søviknes. Han var god som stoppar og heilt suveren som spiss.

Neste kamp for Norborg blir langt tøffare enn i kveld når ein tek turen til Ørsta onsdag 16. september.

Laget: Geir Roar Gamlem (Joakim Kjærstad, 46) – Kristoffer Hildrestrand, Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Steffen Grytten (Pedro Silva, 65) – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 71), Christian Sæther (Urke, 88), Tarjei Gjerset Urkedal (Per-Stian Alvestad, 80), Fredrik Krogsæter (Henning Koppen, 46) – Ole-Kristian Aarseth (Joakim Roald, 80), Øyvind Sundnes.


Kristoffer Søviknes kan glise etter fire mål mot Vigra.