Emblem – Norborg 4-3

Emblem – Norborg 4-3 (2-0)
Emblem KGB, 28.05.2015

Sjansar: 9-7
Cornere: 2-2

1-0 Bjørnar Johansen (33)
2-0 Bjørnar Johansen (43)
3-0 Thomas Gjøsund (52)
3-1 Tarjei Gjerset Urkedal (59)
3-2 Ole Johan Urke (69)
4-2 Thomas Gjøsund (str. 79)
4-3 Kristian Søviknes (90+5)

Emblem ville mest og hadde overtaket på Norborg før pause, men etter at Thomas Gjøsund gav vertene 3-0 vakna Norborg og skapte ny spenning i kampen. Diverre fekk Emblem eit straffespark på ei god filming ti minutt før slutt og vann på det. Tarjei Urkedal scorte sitt 214. mål og er no tidenes målscorer i Norborg.

Trenar Stig Johansen sa følgjande etter kampen: – I kveld bruker vi ca. 55 minutt på å komme igang, det gjør at vi kommer bakpå. Pretstasjonsmessig er jeg svært fornøyd med de siste 35 min, her viser vi god moral og vinnervilje. Klarer vi å stabilisere prestasjonene på dette nivået, blir det mange poeng fremover!

Vi kunne nesten ha kopiert referatet frå då laga møttest sist på Emblem si kunstgrasbane. Som i august 2013 hadde laga kvar sin omgang der Emblem stod igjen som vinnar, men Norborg var eitt mål nærmare denne gong.

Den første halvtimen er det lite som skjer. Emblem vann dei fleste duellane og hadde trykket mot Norborg sitt mål, men bortsett frå ein stor sjanse som Thomas Gjøsund sette utanfor mål frå dryge fem meter, vart det skapt lite.

Norborg sleit voldsamt med presisjon og var ikkje i nærleiken av å ha same innsats som heimelaget. Emblem vann minst 70% av duellane på midtbana, og sjølv om Kristoffer Søviknes vann ein del i lufta mot Emblem sine forsvarar, var han altfor isolert på topp så Emblem snappa opp 2. ballane. I det 32. minutt fekk likevel Søviknes ein sjanse då han fekk ein stikker i bakrom, parkerte forsvaret, men Søviknes slit med sjølvtilliten framfor kassa og sjansen rann ut i ingenting då han sprang ballen utover kortlinja då han forsøkte å runde keeper. Fjorårets Søviknes hadde nok lobba denne ballen i mål.

I staden for Norborg-leiing var det Emblem som tok leiinga halvminuttet seinare etter eit angrep på høgresida. Ballen vart slått lavt inn og gjekk forbi samtlege forsvarar til Bjørnar Johansen på bakre stolpe. Han gjor ingen feil å sette ballen sikkert i nota. Emblem fekk no endå meir vatn på mølla og skapte eit par store sjansar dei neste minutta før Bjørnar Johansen nok ein gong får stå åleine på bakre og putte ballen i mål to minutt før pause. I følge ein tilskodar, som stod på linja, burde angrepet ha blitt avvinka for offside. I omgangens sluttsekund var Emblem nær eit tredje mål etter frispark, men Gjøsund heada ballen utanfor mål. Emblem ville klart mest i denne omgangen og gjekk til pause med fortent leiing.

Norborg vart tvunga til å bytte både Henning Koppen og Kristoffer Hildrestrand før pause grunna skader. Til 2. omgang turde ein ikkje å risikere meir med Mathias Fjørtoft si lyske, sette innpå Øyvind Sundnes og la om til 4-4-2. Alle tre bytta skulle vise breidda Norborg har i stallen sin og ein fekk også meir trykk offensivt med to spissar.

Det skulle likevel ikkje starte så bra for Norborg etter pause då Emblem scora på sin første sjanse i omgangen. Målet kom etter eit frisparkoppspel frå 50 meter, Thomas Gjøsund slengte ut foten og styrte ballen i mål. Kvar var Norborg sitt forsvar her?

Med 3-0 såg kampen ut til å vere kjørt, men då også Norborg scora på sin første sjanse i omgangen vart det fullt fyr i teltet. 3-1 reduseringa var eit historisk mål sidan dette var Tarjei Gjerset Urkedal sitt mål nummer 214. Han har då eitt mål meir enn Kim Idar Krogsethagen og set dermed på trona åleine. Tarjei fekk stå merkeleg åleine innafor 16 meteren på Christian Sæther sitt innlegg og tok seg god tid før han banka ballen i nota.

Norborg løfta laget og la trykk på vertane. Ti minutt seinare vann Norborg ballen inne på Emblem sin halvdel. Ole Johan Urke spelte ballen ut til Daniel Aakre på høgrekanten, fekk den tilbake og sette den sikkert i mål frå 14 meter.

Emblem vakna litt etter desse to reduseringane og var nær ved å auke leiinga i det 74. minutt då keeper Geir Roar Gamlem måtte gi retur på eit hardt frispark frå Gjøsund, men han redda sjølv mesterleg forsøket han gav Johansen til å fullføre sitt hat-trick. 4-2 skulle likevel kome, og det var av det omdiskuterte slaget. Robert Kurtuly fekk ballen ute på venstresida og kom ein mot ein mot Christian Sæther. Han gjor ei finte og Sæther løfta beinet. Kurtuly gjer då eit teatralsk fall som dei fleste på stadion gjekk på, også dommar Steinsbu som peika på straffemerket. Sæther bedyra si uskyld etter kampen. – Eg var aldri i borti han og rister oppgitt på hovudet over Emblems svar på Jim Carrey. Gjøsund sette straffa sikkert i nota.

Etter målet fekk vi sjå eit massivt press frå Norborg. Gong på gong vart ballen slått inn i Emblem sin 16 meter. Kristian Søviknes fekk ein god sjanse, men avslutta over. Elling Mikal Kalvø vart flytta opp som spiss og heada i stolpen, medan Daniel Aakre avslutta utanfor. Ikkje før i det 5. tilleggsminuttet lykkast Norborg då Kristian Søviknes heada inn eit frispark frå Hans Edvard Nordang. Norborg fekk yttarleg eit frispark i god posisjon, men denne gong klarerte Emblem og sikra seg dermed tre poeng. Kampen sett under eitt var dette fullt fortent. Norborg vakna for seint.

Norborg sin bestemann var Tarjei Urkedal. Han jobba godt gjennom heile kampen. Trenar Stig Johansen trekk fram også innbytarane Christian Sæther og Daniel Aakre som positive.

Neste kamp er heime mot Godøy torsdag 4. juni kl. 1830. Dette blir ein 10-årsjubileumskamp for Uggedal stadion gras. Den gong var også Godøy motstandar og vann 3-2 framfor 635 betalande tilskodarar. Vi satsar på revansje no.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Elling Mikal Kalvø, Henning Koppen (Christian Sæther, 11), Hans Edvard Nordang – Kristoffer Hildrestrand (Daniel Aakre, 35), Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft (Øyvind Sundnes, 46), Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 74) – Kristoffer Søviknes.