Herd – Norborg 4-1 (3-0)
Moa KGB, 02.03.2015
Sjansar: 9-5
Cornere: 5-3
1-0 Kasper Skjåvåg (4)
2-0 Scott Fellows (24)
3-0 Kristian Halvorsen (44)
4-0 Kristian Halvorsen (65)
4-1 Tarjei Gjerset Urkedal (71)
Norborg fekk det som venta tøft mot ballsikre og raske Herd-spelarar, men etter ein 1. omgang med personlege feil og uheldige dommaravgjersle imot så løfta ein seg etter kvila og gav Herd god kamp.
– I denne kampen fikk vi øve oss mot et ballsikkert og svært bevegelig lag, noe som gjorde at vi fikk oss en meget god treningsøkt! Vi er for sene i presset på ballfører og aggresiviteten i jobben som første forsvarer periodevis i første omgang. Dette blir betraktelig bedre i andre omgang, da er vi der vi ønsker å være. Flere av spillerne viser fremgang, laget tar små skritt i riktig retning, samtidig må vi være tålmodig med flere av spillerne som er på vei tilbake etter alvorlige skader. Jeg er godt fornøyd med at vi hever oss etter pause, og at vi står kampen ut på en tilfredsstillende måte, sa Norborg-trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg møtte ballsikre og løpssterke spelarar i denne kampen på Herd sitt flotte anlegg på Moa. Etter jamne opningsminutt gjorde Norborg ei feilvurdering på høgresida og Herd sin ving fekk fritt spelerom. Han tok med seg ballen ned mot kortlinja og fann Kasper Skjåvåg på lengste. Keeper Geir Roar Gamlem reddar den første avslutninga via stolpen, men returen går tilbake til Skjåvåg som putter i tomt mål.
Norborg sitt forsvar hadde problem med stikkarane i bakrom og Herd skapte to store sjansar i minutta etter målet, men Geir Roar leverte to flotte redningar. Om lag halvvegs ut i omgangen må han likevel sjå ball nummer to i nota då han i duell med Scott Fellows må gi retur og ballen blir pirka i mål. Geir Roar ropar på frispark, men dommar dømmer mål.
Minuttet før pause får Herd frispark på 20 meter. Den plasserar Kristian Halvorsen i nota til 3-0. Like før pause finn Mathias Fjørtoft Kristoffer Søviknes i bakrom. Han når ballen før keeper, men blir så meid ned tjue meter frå mål. Klart frispark og raudt kort, men dommar dømmer utspel.
I 2. omgang er Norborg spelemessig langt meir med, og skaper også fleire situasjonar framfor Herd sitt mål. Allereie etter 20 sekund dreg Kristoffer Hildrestrand seg fint inn frå venstresida, men avslutta rett på keeper. Ti minutt seinare testa Mathias Fjørtoft skotfoten frå tjue meter, men like utanfor.
Tjue minutt ut i omgangen er Herd frampå og får frispark på kanten av 16 meteren. Halvorsen sette ballen i mål med ein daler over keeper og ned ved lengste stolpe. Kristoffer Søviknes er nær ved å redusere minuttet seinare, men avslutninga frå 13 meter går utanfor. Fem minutt seinare får Norborg reduseringa si etter eit strålande angrep. Søviknes vann ballen litt inne på Herd sin halvdel, spelte ut til Jan Tore Fjørtoft som tok ballen med seg framover og spelte vegg med Søviknes inne i 16 meteren før han fann Tarjei Urkedal framfor kassa. Han gjor ingen feil og sette inn sitt 208. mål i Norborg-trøya. Han er dermed berre fem bak Kim Idar Krogsethagen som Norborg sin mestscorane gjennom tidene. Ti minutt før slutt er Ole Johan Urke nær mål då han finta seg inn frå venstra å banka til, men ballen gjekk eit par meter til side for mål. Herd hadde også sine farlegheite framfor kassa i ein underhaldande omgang.
Neste kamp for Norborg kjem allereie på onsdag mot FK Sykkylven.
Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 74) – Jan Tore Fjørtoft, Steffen Grytten, Hans Edvard Nordang, Daniel Aakre (Stian Skogvoll, 74) – Christian Sæther (André Larsen, 46), Mahias Fjørtoft – Kristoffer Hildrestrand (Bendik Brunvoll, 74), Tarjei Urkedal, Øyvind Sundnes (Ole Johan Urke, 65) – Kristoffer Søviknes (Sundnes, 72).