Norborg – Vestnes Varfjell 5-2 (3-1)
Uggedal KGB, 11.02.15
Sjansar: 11-5
Cornere: 7-4
0-1 ? (8)
1-1 Øyvind Sundnes (12)
2-1 Hans Edvard Nordang (34)
3-1 Ole Johan Urke (36)
3-2 Elling Olafsen (60)
4-2 Sjølvmål (67)
5-2 Kristoffer Søviknes (74)
Norborg vann årets første treningskamp og Stig Johansen fekk dermed siger i sin første kamp som Norborg-trenar. Varierande prestasjonar av Norborg, men sett bort ifrå opningskvarteret hadde ein god kontroll på sin 4. divisjonskollega frå nabofogderiet.
Gjestane frå Vestnes opna kampen best og berre ein god 1 mot 1 prestasjon av keeper Geir Roar Gamlem hindra 0-1 i det 4. minutt. Fire minutt seinare måtte han likevel kapitulere då Varfjell var igjennom for andre gong. Norborg sitt nykomponerte forsvar var særs rufsete i starten av kampen, men etter kvart vart ein varm i trøya og samhandlinga over heile bana vart betra.
12 minutt ut i kampen vart Øyvind Sundnes flott spelt fri av Ole-Kristian Aarseth, som gjorde ein god figur som hengande spiss. Rutinerte Sundnes sette ballen presist i mål bak Varfjell sin keeper. Norborg haldt trykket oppe og mange av angrepa var regissert av unge Aarseth. I det 34. minutt var Aarseth på farta igjen og vart lagt i bakken av ein Varfjell-spelar inne i straffefeltet. Dommar Steinsbu peika på straffemerket og Hans Edvard Nordang sette ballen kontant i mål. To minutt seinare stod det 3-1 då Ole Johan Urke snappa ein ball midt inne på Varfjell sin halvdel og banka ballen i mål frå om lag 17 meter.
Ein godkjent omgang av Norborg og grei leiing til pause. 6-3 i sjansar og 3-1 i mål.
Norborg bytta ein del spelarar i pausa og trengte nok ein gong litt tid på å få kontroll på spelet. Varfjell utnytta eit svakt tilbakespel og skaffa seg straffe eit kvarter ut i omgangen på ei god filming, i følge keeper Ronald Søvik Olsen. Olsen var nær å ta straffa til Elling Olafsen, men ballen sneik seg i mål.
Norborg skapte ein del sjansar etter reduseringa og berre tverra stod i vegen på Bendik Brunvoll sitt skot frå 16 meter. 4-2 skulle likevel kome då Kristoffer Hildrestrand kom seg rundt på kant og la ein hard og lav ball inn framfor mål der ein Varfjell-spelar sette den i eige mål. Nokre minutt seinare var det klart for dagens flottaste angrep då Kristoffer Søviknes spelte vegg med Sundnes før han scora sikkert åleine med keeper til 5-2.
Norborg hadde to debutantar i dag. Første års junior Stian Grytten Skogvoll gjorde ein flott figur på høgreback, medan Jan Tore Fjørtoft var god både som venstrekant og venstreback.
– Alltid kjekt å vinne fotballkampar! Dette var ei grei gjennomkjøring. Vi fekk i gong mange spelarar, som alle spelte minst ein omgang kvar. Prestasjonsmessig varierer det slik det brukar å gjere i den første treningskampen. Gleder meg til fortsettelsen, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg sin neste treningskamp er borte mot Valder onsdag 18. februar.
Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 46) – Kristian Søviknes (Kristoffer Hildrestrand, 46), Hans Edvard Nordang, Steffen Grytten (Erlend Coates, 46) Stian Grytten Skogvoll (Daniel Aakre, 46) – Mathias Fjørtoft (Christian Sæther, 46), Tarjei Gjerset Urkedal – Jan Tore Fjørtoft (Kristian Søviknes, 79), Ole-Kristian Aarseth (Kristoffer Søviknes, 46), Ole Johan Urke (Bendik Brunvoll, 46) – Øyvind Sundnes.
Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund (Norborg) og Arve Toven (Norborg)