Ørsta – Norborg 3-2 (2-1)
Ørsta kgb, 06.10.2016
Sjansar: 10-7
Cornere: 7-8
1-0 Knut Erik Myklebust (5)
1-1 Kristoffer Søviknes (7)
2-1 Sigurd Sundnes (27)
3-1 Knut Erik Myklebust (51)
3-2 Pedro Silva (72)
Norborg kom aldri skikkeleg i gong mot eit aggressivt og løpvilleg heimelag som måtte ha alle poenga for å ha eit reelt håp om ståplass. Bortsett frå sporadiske periodar var Ørsta det beste laget og fortente alle poenga mot eit Norborg-lag på etterskot.
Norborg har hatt for vane å snu kampar ein har kome under i haust, men på Ørsta si nye kunstgrasbane vart oppgåva for stor. Heimelaget tok leiinga på sin første sjanse i kampen då Knut Erik Myklebust fekk stå heilt åleine på fem meter å sette ballen i nota etter ein retur frå keeper etter skot av Tony Ristesund. Norborg slo likevel raskt attende og utlikna på eit hovudstøt av Kristoffer Søviknes på ein presis corner av Ole Johan Urke.
Ørsta hadde ballen mest dei første tjue minutta, men sleit med å skape dei store sjansane. Etter kvart kom Norborg meir med og var inne i sin beste periode før pause då det glapp i forsvar. Ein ball som burde ha blitt klarert vart forsøkt dempa og ballen gjekk til ein Ørsta-spelar som la ballen til rette for Sigurd Sundnes. Frå sju meter fauk ballen mellom beina på keeper og i nota. Kristoffer Søviknes hadde sjansen til å score både like før og like etter 2-1 målet, men diverre utan tellande resultat.
I det siste kvarteret skapte Ørsta tre gode sjansar til å auke leiinga, men måtte nøye seg med 2-1 til pause.
Skuffa Norborg-spelarar ville løfte både innsats og presshøgde etter pause og var nær ved å lykkast sekunder ut i omgangen, men Tarjei Urkedal vart tvilsamt avblåst for hands når han var på veg igjennom. I staden var det Ørsta som auka til 3-1 på eit innlegg og heading av Knut Erik Myklebust.
Norborg var likevel meir med etter pause og vi var vitne til ein ganske jamspelt omgang med sjansar til begge lag. Blant anna hadde Mats Øvrebotten ein stor sjanse som Joakim Kjærstad redda glimrande, medan Tarjei Urkedal var nær mål etter innlegg av Kristoffer Søviknes. Pedro Silva har vist gode takter i det siste og gav Norborg nytt håp då han sette ballen heilt oppe ved vinkelen frå 13 meter.
Det presset vi håpte skulle kome mot slutten av kampen vart det likevel ikkje noko av. Til det vart oppspela for upresis og Ørsta hadde god kontroll heilt til det siste angrepet. Då fekk Magnus Austbø Seth ballen på 13 meter, men avslutninga gjekk rett på keeper. Dermed tok Ørsta tre livsviktige poeng mot eit Norborg-lag som diverre skuffa i kveld.
Det positive er at ein har 4 poengs forsprang på Valder og Ørsta med to kampar igjen. Ein har dermed alt i eigne hender.
Neste kamp er mot Emblem på Uggedal kgb torsdag 13. oktober kl. 19.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Jonas Austnes, 85), Tor Abelseth (Fredrik Krogsæter, 90), Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen (Pedro Silva, 62) – Ole Johan Urke, Tarjei Urkedal, Christian Sæther, Øyvind Sundnes (Marius Austnes, 85) – Kristoffer Søviknes, Magnus Seth.