Norborg – Langevåg 1-1 (0-0)
Uggedal kgb, 15.09.2016
Sjansar: 7-12
Cornere: 0-5
1-0 Tor Abelseth (61)
1-1 Albert Devold (str. 79)
Norborg måtte sjå to poeng gå fløyten då Albert Devold sette inn eit straffespark dryge ti minutt før slutt. Utlikninga var fortent, men unødvendig at den skulle kome på straffe i ein situasjon Norborg hadde kontroll. Norborg klatra likevel over streken med dette eine poenget.
Norborg skulle ut å spele bulldoserfotball mot Langevåg, men i 1. omgang så vart det i så fall ein liten leikebulldoser. Langevåg hadde ballen og dei fleste store sjansane. Norborg skulle slå mykje langt, men greidde ikkje å vinne verken første eller andreball. Sjølv om enkelte hevda at Kristian Søviknes si avslutning frå 40 meter som dala ned på tverra var ein sjanse, så vil vi seie at den einaste reelle sjansen til Norborg før pause var Pedro Silva si heading frå kloss hald etter eit innlegg frå Ole Johan Urke. Headinga gjekk diverre rett på keeper. Langevåg skapte på si side 3-4 gode sjansar med Simon Vågnes si avslutning frå 6-7 meter 13 minutt ut i kampen som den største. Likevel, ingen spesielt underhaldande omgang.
Etter pause vakna kampen verkeleg til liv. Norborg sin beste periode i kampen var det første kvarteret av 2. omgang. Både Øyvind Sundnes og Tarjei Urkedal hadde headingar over frå god posisjon i denne perioden. Dryge kvarteret ut i kampen fekk Norborg frispark på 35 meter. Kristian Søviknes fekk ikkje det reinaste treffet på ballen, men etter å ha vore innom eit par spelarar og stolpen gjekk den til Tor Abelseth på fem meter. Han gjorde ingen feil og sette ballen i tomt mål. Dette var unge Abelseth sitt første mål i 4. divisjon.
Langevåg tok meir over kampen etter målet, men både Fredrik Krogsæter, Pedro Silva og Øyvind Sundnes hadde sine forsøk for heimelaget. Dryge ti minutt før slutt vart ein Langevåg-spelar sparka ned innanfor 16 meteren. Dommar peikar korrekt på straffemerket, eller straffemerke finnast ikkje på Uggedal kunstgrasbane. Kvar skulle så straffa takast frå? Etter å ha først lagt ballen på ca. 11 meter, så vart ballen dratt fram eit par meter til voldsame protestar frå Norborg. Frå ni (!?) meter gjor Albert Devold ingen feil og dermed 1-1. Etter utlikninga hadde Langevåg fleire sjansar til å avgjere kampen, men kom ikkje nærmare enn eit stolpetreff i det 89. minutt.
Norborg sin bestemannspris gir vi til Tor Abelseth for stødig forsvarsspel og å vere på rett plass til rett tid ved målet.
Neste kamp er borte mot Valder torsdag 22. september kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Jonas Austnes, Niklai Jensen – Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 46), Tarjei Urkedal, Christian Sæther (Sundnes, 93), Øyvind Sundnes (Per-Stian Alvestad, 90) – Magnus Seth (Jan Tore Fjørtoft, 77), Pedro Silva (Marius Austnes, 85).