Skarbøvik – Norborg 1-1

Skarbøvik – Norborg 1-1 (0-0)
Skarbøvik kgb, 09.09.2016

Sjansar: 9-9
Cornere: 9-6

0-1 Magnus Austbø Seth (52)
1-1 Nils Ottar Sandø (87)

Før kampen hadde vi nok vore nøgd med eitt poeng mot Skarbøvik, men det var ein skuffa og frustrert Norborg-gjeng i garderoba etter kampen. Skuffa fordi ein skulle ha punktert denne kampen i løpet av det første kvarteret av 2. omgang då ein skapte den eine gedigne sjansen etter den andre, men scora berre ein gong. Frustrert fordi ein følte seg snytt for straffespark to minutt på overtid då ein SIF-spelar stoppa Magnus Seth sitt skot med ei arm over hovudet.
Det var Skarbøvik som kom best i gong, og allereie 15 sekund ut i kampen rappa Sondre Kjølsøy ballen frå Norborg-forsvaret like utanfor 16 meteren. Avslutninga frå litt skrått hald gjekk heldigvis utanfor stolpen. Norborg greidde ikkje å kome opp i press på ballførar og var stadig på etterskot. Dei heilt store sjansane vart det likevel ikkje så mange av før Norborg verkeleg klønar det til og lagar straffe ein halvtime ut i kampen. Den redda Joakim Kjærstad meisterleg frå Nils Ottar Sandø. Norborg sin einaste sjanse før pause kom minuttet før straffesparket då Ole Johan Urke klinka til på volley frå 17 meter. Ballen fauk ein halvmeter utanfor krysset. Vi talte 4-1 i sjansar til SIF i ein omgang der Norborg aldri heilt kom i gong.

Etter kvila fekk vi sjå eit heilt anna Norborg-lag. Skarbøvik stod høgt og Norborg slo presise ballar i bakrom. Både Kristoffer Søviknes og Magnus Seth var åleine med keeper, men keeper redda godt. I det 52. minutt måtte likevel keeper Kjølsøy sjå seg slått då Magnus Seth fekk putta ballen i nota etter corner av Kristian Søviknes og eit par avslutningsforsøk. I mølja framfor mål var det Tarjei Urkedal som var nest sist på ballen.

I dei påfølgjande minutta var både Kristoffer Søviknes og Magnus Seth åleine med keeper utan å score. Søviknes kom nærmast då lobben hans gjekk over keeper og i stolpen. Han plukka sjølv opp returen, men fekk skotet blokkert på strek. Norborg burde ha stått med fleire mål enn det eine etter desse enorme sjansane.

I den siste halvtimen bølgja spelet fram og tilbake i ein underhaldande og sjanserik kamp. Joakim Kjærstad hadde eit par fenomenale redningar og ex-tippeligaspelar Sandø uttalte etter ei av redningane at dette var noko av det beste han hadde sett. Kjærstad var banens beste, med SIF keeper Terje Kjølsøy som ein god nummer to. Både Urke og Søviknes hadde kvar sin sjanse til å doble Norborg si leiing, men lykkast ikkje.

Tre minutt før full tid kom så utlikninga til Skarbøvik og sjølvsagt var det Nils Ottar Sandø som var på rett plass og fekk heada inn ein retur etter skot av Sondre Kjølsøy. Bittert, men fortent.

To minutt på overtid føler Norborg seg snytt for straffe då Magnus Seth skyt i frå 16 meter. Ballen har god retning, men blir stoppa av handa til ein SIF-spelar. Sidan handa var over hovudet så ser vi ikkje på dette som ei naturleg stilling og dommaren skulle ha dømt straffe.

Alt i alt var poengdeling eit greit resultat, men med så mange forsøk åleine med keeper så burde Norborg ha fått med seg tre poeng i frå denne kampen.

Neste kamp er heime mot Langevåg torsdag 15. september kl.1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Øyvind Sundnes (Steffen Grytten, 23) (Sundnes, 31) (Grytten, 79) – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth.