Stranda – Norborg 2-1 (2-0)
Stranda KGB, 25.08.2016
1-0 Michal Bernat (21)
2-0 Even Korsedal (42)
2-1 Pedro Silva (76)
Stranda fekk sin første heimesiger for sesongen då dei sende våre gutar heim med sitt første bortetap på 3 månader. Norborg hadde ballen og spelet, men skapte utruleg lite framfor mål. Stranda på si side scora to mål på to sjansar.
– I dag var vi frykteleg svake. Vi har spelet, men sleit med underlaget som førte til dårlege mottak og svak presisjon. Vi kom oss ikkje rundt på kantane og mange legg gjekk rett i førsteforsvarar. Vi er lite bestemte og hadde for svakt balltempo. Dei scora på det dei he etter to personelege feil, medan vi vart stoppa på 16 av eit defensivt heimelag, sa trenar Oddmund Davik Otterlei. Norborg sitt mål kom eit kvarter før slutt då Pedro Silva skrudde ein corner i mål.
Laget: Geir Roar Gamlem – Jonas Austnes (Seth, 70), Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke (Søviknes, 46), Kristian Søviknes (Pedro Silva, 30), Marius Austnes, Fredrik Krogsæter (Urke, 61) – Magnus Seth (Per-Stian Alvestad, 46), Øyvind Sundnes