Norborg – FK Sykkylven 2-3 (1-0)
Uggedal stadion, 18.08.2016
Sjansar: 8-6
Cornere: 9-4
1-0 Hans Edvard Nordang (str. 7)
1-1 Sondre Skylstad (50)
1-2 Jamal Aliyi (57)
1-3 Bengt Hole Alnes (70)
2-3 Kristoffer Søviknes (90)
Norborg måtte sjå FK Sykkylven stikke av med alle poenga i den viktige kampen for overleving i 4. divisjon. Sjølv om Norborg totalt skapte flest sjansar, så var gjestane lenge overlegne i banespel. Ein sterk sluttspurt burde likevel ha gitt poeng til Norborg.
Det starta så bra for Norborg. Ein tok kontroll på kampen og hadde allereie svidd ein stor sjanse då Magnus Seth vart meid i bakken innanfor straffefeltet seks minutt ut i kampen. Dommar Olsen peika på straffemerket og Hans Edvard Nordang sette så inn 1-0. Mål pregar kampar, og diverre var det Norborg som fall i hop medan gjestane fekk opp aggressiviteten. Dei heilt store sjansane greidde likevel ikkje FK Sykkylven å spele seg til. Kaptein Ole Kulseth var nærmast halvvegs ut i omgangen, men keeper Geir Roar Gamlem redda flott. Sjølv om Norborg knapt fekk låne ballen var ein likevel nærmast mål då Tarjei Urkedal krangla med seg ballen og fekk avslutta frå kloss hald, men avslutninga gjekk rett i klypene til keeper. Stillinga 1-0 stod seg dermed til pause. – Vi leiar 1-0, men kan ikkje vere nøgd med spelet. Vi gir bort ballen for lett og er på stadig etterskot, sa trenar Oddmund Davik Otterlei i pausen.
Om den siste halvtimen av 1. omgang var svak av Norborg så var den første halvtimen av 2. omgang endå verre. Då greidde heller ikkje forsvaret å ta seg av det som kom og FK Sykkylven scora to raske like etter pause. Først hang Norborg ikkje med på FKS sitt tempo og FKS fekk rulla opp eit flott angrep frå høgre til venstre der Sondre Skylstad sette ballen sikkert i nota åleine med keeper. Nokre minutt seinare sviktar det meste då ein Norborg-spelar stussar eit innkast inn framfor eige mål der Jamal Aliyi står heilt åleine og headar i nota. Eit kvarter seinare auka Bengt Hole Alnes til 1-3 då han klinka ballen i motsett kryss frå 5-6 meter. Då vakna endeleg Norborg og skapte sjansar på løpande band, men keeper tek fram sine beste redningar på forsøka til Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes og Magnus Seth. Når keeper endeleg vart overlista av Nikolai Jensen sitt innlegg så gjekk det på innsida av stolpen og langs streken. Norborg hadde ikkje marginane med seg i denne perioden, to minutt på overtid fekk Kristoffer Søviknes pynta på resultatet då han heada inn Kristian Søviknes sitt legg.
– Vi gjer mange feilval med ball og er absolutt ikkje på hogget i store delar av kampen, men til slutt er det berre ein god keeper som hindrar oss i å få poeng, sa trenar Otterlei etter kampen. Norborg skal neste veke ut i bortekamp mot botnlaget Stranda. Medan ein heime slit med å vinne kampar, så har borteforma til dei oransje vore langt betre. Den må halde fram om ein skal kome blant dei 7-8 som mest truleg gir plass i neste års 4. divisjon.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Tor Abelseth (Jonas Austnes, 73), Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Jan Tore Fjørtoft (Marius Austnes, 67), Tarjei Urkedal, Christian Sæther (Pedro Silva, 89), Fredrik Krogsæter (Øyvind Sundnes, 73) – Magnus Seth (Per-Stian Alvestad, 85), Kristoffer Søviknes.