Norborg – Valder 3-1 (0-1)
Uggedal stadion, 26.05.2016
Sjansar: 11-9
Cornere: 5-3
0-1 Olai Rørstad (22)
1-1 Kristoffer Søviknes (55)
2-1 Ole Johan Urke (57)
3-1 Magnus Seth (90)
Under praktfulle speletilhøve i Uggedalen vart det ein vanvittig deilig siger til Norborg. Etter ein 1. omgang der Valder var klart best, fekk vi sjå heilt andre takter av heimelaget i 2. omgang. Etter å ha svidd tre store sjansar kom to mål på dryge to minutt. Valder kom seg aldri etter sjokket og Norborg sin beste spelar Magnus Seth sette fortent inn 3-1 i det klokka bikka 90 minutt.
– Dette var ein særs viktig siger, sa trenar Oddmund Davik Otterlei etter kampen. Ikkje berre for tabellplasseringa, men for det mentale hos gutane. Etter ein svak første, så hevar vi oss kraftig i 2. omgang. To raske mål hadde alt å seie og vi fekk då kampen inn i vårt spor. Vi spelte meir direkte etter pause og vi tvinga Valder til å begynne å springe heimover. Noko dei takla dårlig.
Norborg stilte med eit rutinert lag i kveldens kamp mot Valder. Faktisk stod ein igjen med berre tre tenåringar frå start. Der den yngste av dei verkeleg stod fram. Den tidlegare Brattvåg, Ravn og AaFK-spelaren Magnus Seth var særs god etter pause. Han jobba og sleit, vann duellar, spelte medspelarane sine gode og sette sjølv inn siste spikaren i kista.
Kampen starta med eit lite trykk frå Norborg si side der Kristoffer Søviknes fekk kampen sin første sjanse etter forarbeid av Ole Johan Urke og Ole-Kristian Aarseth, men ein Valder-forsvarar fekk eit bein på avslutninga. Ser vi bort frå eit skot i tverrliggjaren av Christian Sæther ti minutt før pause, så eigde Valder denne omgangen. At det berre stod 0-1 ved halvspelt kan Norborg takke keeper Joakim Kjærstad for. Likevel, Kjærstad vil nok ergre seg over målet han slapp inn. Det kom etter at han var uheldig å gi retur på eit langskot frå Mikal Farstad Dyb. Olai Rørstad var raskt framme på returen og sette den under Kjærstad og i nota. Totalt telte vi 8-2 i sjansar til Valder i denne omgangen.
Men Norborg skjerpa seg. Med ein voldsam innsats la ein press på Valder frå første minutt i 2. omgang. Magnus Seth fekk den første sjansen, men heada utanfor. Så sette Kristoffer Søviknes eit skot like over krysset før Seth var åleine igjennom, men avslutta også like over krysset. Ti minutt ut i omgangen var det klart for samarbeid mellom desse to spissane då Seth kjempa til seg ballen utanfor 16 meteren, spelte til Søviknes som finta av ein mann og plasserte ballen sikkert i mål bak keeper Lovund til 1-1. Eitt og eit halvt minutt seinare stod det 2-1 då Ole Johan Urke bestemte seg for å skyte frå 20 meter. Ballen gjekk kontant i mål ved lengste stolpe.
Valder la inn eit lite press dei neste minutta, men var relativt tannlause på topp og greidde ikkje å skape anna enn ein stor og nokre nesten sjansar. Då var det farlegare i andre enden. Urke hadde signalisert for byte etter ein føling med ein strekk han fekk på måndagens trening. Strekken var likevel ikkje verre enn at han lada kanona ein gong til, men denne gong gjekk ballen i stolpen. Ole-Kristian Aarseth var også nær mål ved eit par høve, men den første gjekk over og den andre midt på keeper. 3-1 skulle likevel kome då Magnus Seth sneik seg forbi to forsvarar og vann oppspelet frå Hans Edvard Nordang. Klinisk sette han ballen i mål frå litt skrått hald. Eit fortent mål til 99-modellen. Med 3-1 var kampen punktert og Norborg kunne juble for tre herlege poeng.
Ein fortent siger som vonleg gir laget ein boost inn mot bortekampen mot Hareid torsdag 2. juni.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Ole Johan Urke (Nikolai Jensen, 65), Ole-Kristian Aarseth, Christian Sæther, Steffen Grytten (Marius Austnes, 91) – Magnus Seth (Pedro Silva, 94), Kristoffer Søviknes.
Magnus Seth, Ole Johan Urke og Kristoffer Søviknes stod for måla mot Valder.