Norborg – Skarbøvik 2-4

Norborg – Skarbøvik 2-4 (1-2)
Uggedal KGB, 13.05.2016

Sjansar: 6-14

0-1 Joakim Bolsø (19)
1-1 Ole Johan Urke (22)
1-2 Sondre Kjølsøy (28)
2-2 Magnus Seth (60)
2-3 Simen Skuseth (68)
2-4 Marius Roset (80)

Etter ein jamn og underhaldande 1. omgang var Skarbøvik klart best den siste halvtimen og vann fortent over eit slitent heimelag.

Sjølv om Norborg mangla rutinerte spelarar som Geir Roar Gamlem, Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Mathias Fjørtoft, Steffen Grytten, Tarjei Urkedal, samt unge lovande Fredrik Krogsæter, var det ein positiv 1. omgang av dei oransje. Ein greidde å halde ballen i laget og skapte sjansar ved å kome seg rundt på kant. Kristoffer Søviknes og Magnus Seth hadde kvar sin sjanse til å score etter gode innlegg, men diverre gjekk headingane over mål.

Skarbøvik var heller ikkje ufarlege og på sin tredje sjanse tok dei leiinga etter nølande forsvarsspel av Norborg. Nils Ottar Sandø snappa ballen på 30 meter, avanserte mot 16 og spelte inn til Joakim Bolsø som plasserte ballen sikkert i mål. Norborg kvitterte raskt då Ole Johan Urke klinka ballen i nota frå 16 metersstreken etter forarbeid av Kristoffer Søviknes og Magnus Seth. Spelet bølga fram og tilbake og ved nær halvtimen spel fekk Skarbøvik corner. Den vart tatt kort og ballen gjekk til Sondre Kjølsøy som banka den i nota via ein Norborg-spelar frå kanten av 16 meteren. Både Kristoffer Søviknes og Ole Johan Urke skapte sjansar for Norborg til å utlikne, men Norborg måtte gå til pause med 1-2.

I 2. omgang utlikna Magnus Seth etter eit gjennomspel av Kristian Søviknes. Dette var den einaste reelle sjansen til Norborg i denne omgangen. Fleire spelarar vart slitne og Kristoffer Søviknes vart skada då Skarbøvik tok leiinga ved Simen Skuseth etter corner. Eit mål som burde ha blitt annullert etter dette overfallet på Søviknes.

Norborg hadde ingenting å svare med og Skarbøvik styrte kampen. Etter fleire misbrukte sjansar punkterte Marius Roset kampen då han sikkert styrte eit innlegg i mål til 2-4.

Sjølv om dette var 5. kampen utan siger så ser vi framgong. 1. omgangen var årsbeste sjølv om ein måtte gå til pause med 1-2. Med litt marginar så kunne det like godt ha vore omvendt. 2. omgang gløyme vi. Det går på manglande treningsgrunnlag for fleire spelarar i vinter.

Neste kamp for Norborg er borte mot Langevåg torsdag 19. mai.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes, Jonas Austnes, Tor Abelseth, Jan Tore Fjørtoft (Marius Austnes, 82) – Ole Johan Urke, Ole-Kristian Aarseth, Christian Sæther (Joakim Roald, 86), Nikolai Jensen – Kristoffer Søviknes (Pedro Silva, 75), Magnus Seth (Per-Stian Alvestad, 86).

Dommar: Tor Ove Myrseth (FK Sykkylven)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)