Skodje – Norborg 1-1 (0-0)
Skodje kgb, 03.05.2016
Sjansar: 3-7
Cornere: 2-9
0-1 Ole Johan Urke (60)
1-1 Ola Valaas Skare (61)
Norborg hadde eit lite spele- og sjansemessig overtak i bortekampen mot Skodje, men greidde heller ikkje denne gong å avgjere kampen i sin favør. Ole Johan Urke gav Norborg leiinga på eit skot frå 20 meter som nok keeper burde ha redda. Norborg syns truleg synd på Skodje sin keeper og lot Ola Valaas Skare utlikne sekunder seinare. Norborg har fleire gode sjansar mot slutten, men greidde ikkje å finne nettmaskene.
Norborg var nær å få ei pangopning på kampen då Ole-Kristian Aarseth heada eit innlegg av Jan Tore Fjørtoft i stolpen i det 3. minutt. Etter kvart dabba Norborg av og Skodje kom inn i kampen utan å skape dei altfor store problema for Norborg sitt forsvar.
Norborg hadde kontroll defensivt, men sleit med tempo og presisjon i angrepsspelet sitt. Skodje, med sine fysisk sterke stopparar, hadde kontroll heilt til Hans Edvard Nordang fekk fyre av frå dryge 20 meter, men ein Skodje-spelar fekk så vidt tinningen på ballen og hindra mål. Ti minutt før pause kom Skodje seg til sin einaste reelle målsjanse før pause då eit frisparkinnlegg frå Eirik Nesset Hjelvik fann hovudet på ein medspelar på bakarste stolpe. Avslutninga gjekk like utanfor. Laga gjekk dermed til pause med 0-0 i ei ganske tam forestilling.
Utan å imponere hadde Norborg eit lite spelemessig overtak det første kvarteret av 2. omgang. Det var dermed fortent då Ole Johan Urke gav dei oransje leiinga. Urke har nok sendt av garde betre skot før, men keeper tok seg ein skikkeleg blunk og ballen gjekk i mål. Gleda vart diverre ikkje lenge for Norborg. Skodje utlikna på det påfølgjande angrepet med ei heading av Ola Valaas Skare. Eit mål den normalt sikre keeper Kjærstad vil gremmast over.
Skodje sendte sin bestemann Eirik Hjelvik fram frå stopparplass til sentral midtbane i eit forsøk på å legge press på Norborg, men utan å lykkast. Bortsett frå ei heading like utanfor, var det Norborg som skapte sjansane i sluttminutta. Urke var sugen på sitt andre for kvelden då han finta seg inn i bana og fyrte av, men like over. Kristoffer Søviknes sette ballen over mål frå fem meter etter ein corner. Magnus Seth avslutta eit innlegg frå Aarseth over mål, før Marius Austnes sin susar frå 18 meter snitta ryggen på ein forsvarar og gjekk til corner. På overtid hadde også Aarseth eit skotforsøk, men heller ikkje det traff mål. Dermed måtte nok ein gong Norborg gå av bana i ein kamp ein skapte dei fleste sjansane.
Norborg har heva seg den siste veka, men har framleis mykje å gå på når det gjeld kvalitet i pasningar, innlegg og avslutningar. Defensivt var ein i kveld solide og det var fint å sjå at unge spelarar som Tor Abelseth og Jonas Austnes har starta å bli varm i trøya. Ole-Kristian Aarseth viste også gryande form.
Neste kamp er heime mot Skarbøvik fredag 13. mai kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Magnus Seth, 71), Jonas Austnes, Hans Edvard Nordang, Tor Abelseth (Kristian Søviknes, 77) – Ole Johan Urke (Pedro Silva, 84), Steffen Grytten (Marius Austnes, 77), Christian Sæther, Jan Tore Fjørtoft – Ole-Kristian Aarseth, Kristoffer Søviknes.