Godøy – Norborg 3-0

Godøy – Norborg 3-0 (1-0)
4. divisjon, Godøy kgb, 09.06.2017

Sjansar: 9-2
Cornere: 5-3

1-0 Jonathan Mulelid (4)
2-0 Trond Brynestad (47)
3-0 Trond Brynestad (62)

Norborg stilte i kvitt, men det vart ein svart dag på Godøya. Med tidleg mål imot i begge omgangar kom ein aldri inn i kampen mot eit heimelag som hadde god defensiv kontroll og var farlege på overgongar. Norborg fekk ha ein del ball, men diverre aldri langt inne på motstandar sin halvdel. Der mangla ein kreativitet, balltempo og presisjon.

Norborg fekk eit skot for baugen allereie på oppvarminga då forsvarssjef Kristoffer Søviknes måtte kaste inn handkledet på eit allereie redusert lag. Godøy sitt rutinerte mannskap, ca. 6 år i snitt eldre enn Norborg sitt, gjekk rett i strupa på sine gjestar. Keeper Ronald Søvik Olsen vart satt på prøve to gongar i opningsminutta før han måtte sjå seg overlista av Jonathan Mulelid sitt presise skot frå 12-13 meter. Norborg kom seg gradvis til hektene etter Godøy sitt opningstempo og Tarjei Urkedal skulle ha utlikna i det 9. minutt då han stod heilt åleine på 7 meter etter forarbeid av Magnus Austbø Seth og Pedro Silva. Avslutninga til Urkedal gjekk diverre rett på keeper Tilseth.

Ingen av laga imponerte i 1. omgang, men Godøy var friskast og kom seg til nokre sjansar utan å finne nettmaskene. Olsen redda godt Andreas Kvam sitt skotforsøk, medan Robin Skuseth heada ein corner like over mål. Norborg kunne seie seg mest nøgde med at det berre stod 1-0 til heimelaget. Likevel sat vi med ein følelse at dersom ein kom seg opp på det nivået ein hadde den første halvtimen mot Bergsøy, så var det gode sjansar til poeng.

2. omgang starta på verst tenkelege måte då Trond Bynestad dobla leiinga etter forarbeid av Mulelid på høgresida. Eit flott 30 meters raid av Mulelid, men sløvt av Norborg å ikkje få stoppa han. Eit par minutt seinare var Mulelid nær mål sjølv, men avsutninga gjekk utanfor. Det er vel om lag ti år sidan vi kalla Brynestad for Norborg-dødaren. Etter ein dryg times spel så drap Brynestad kampen med sitt andre mål då han frå kanten av 16 meteren curla ballen fint i mål ved lengste stolpe.

Norborg fekk lite til i denne omgangen. Det nærmaste ein kom redusering var eit skot over mål frå 17 meter av Tarjei Urkedal etter forarbeid av Per-Stian Alvestad. Då var Andreas Kvam nærmare med sitt skot i tverra på overtid.

Norborg sine spelarar var sjølvsagt skuffa etter kampen over å ikkje få vist fram potensialet sitt. Det blir litt for mange høge skuldrer, feilval og dårlege touch til at ein finn rytme i angrepsspelet. Det er likevel ingen grunn til å grave seg ned. Ein viste i vinter at ein kan spele sprudlande angrepsfotball. Det gjeld berre å få nokre positive opplevingar.

Neste kamp er heime mot Rollon fredag 16. juni kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Nikolai Jensen, Tor Abelseth (Anders Toven, 74), Jonas Austnes, Stian Grytten Skogvoll (Trond Espen Rogne, 74), Matias Vatneødegård, Marius Austnes (Denis Sjåstad, 74), Jesper Vos (Ådne Hellandsvik, 58), Tarjei Urkedal, Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 74), Pedro Silva (Mads Even Hatlehol, 58).