LGFK/Gjerdsvika – Norborg/Brattvåg2 1-6 (0-3)

LGFK/Gjerdsvika – Norborg/Brattvåg2 1-6 (0-3)
4. divisjon, Gursken River Plate, 21.10.2022

0-1 Jesper Vos (12)
0-2 Henrik Otterlei Hurlen (15)
0-3 Henrik Otterlei Hurlen (40)
0-4 Henrik Otterlei Hurlen (65)
0-5 Henrik Otterlei Hurlen (70)
0-6 Magnus Otterlei (80)
1-6 Begn Leikanger Gotten (90)

Norborg levert ei knallavslutning på sesongen då samarbeidslaget frå Gurskøya vart nedsabla med 1-6. Dei tre poenga førte Norborg opp på 5. plass i 4. divisjon. Ei plassering få hadde trudd på då hausten tok til.

På ei isete bane starta heimelaget best, og Norborg sleit med å dekke romma. Etter svake tolv minutt fekk Norborg fart på beina. Etter at heimelaget hadde satt ein corner i stolpen vann Jesper Vos ballen sentralt og fyrte av på ein ryggande keeper, som ikkje hadde sjans på Vos sitt skot frå langt hald. Tre minutt seinare klarerte Stian Klokk ballen i beina til Henrik Hurlen. Hurlen krumma nakken og fyrte av eit skot frå 16 meter, som endra retning og utmanøvrerte keeper.

Henrik Hurlen, som stod med 3 A-lagsmål før kampen, hadde verkeleg bestemt seg denne dagen og skulle meir enn doble dette scoringstalet i denne kampen. Fem minutt før pause fekk han ei gåvepakke frå heimelaget sin keeper då han skulle sette i gang spelet. Hurlen mottok ballen 30 meter frå mål og kippa den roleg over keeper og i mål.

2.omgang starta som 1. omgang slutta, Norborg kontrollerte utan ball, og tok overgangane når dei bydde seg. Ein måtte likevel vente heilt til det 65. minutt før omgangens første scoring kom, og nok ein gong var det Hurlen som scora. Denne gong regissert av Ivan Håvik Berntsen som slo ein ball i bakrom til Hurlen som runda keeper og fekk til slutt knota den inn frå 35 cm. Fem minutt seinare var Hurlen på ny i fokus då Tor Abelseth sende ein ball opp mot straffefeltet der han vann duellen sin mot venstrebacken, og frå knappe femmeter sende ballen forbi keeper til sitt fjerde mål, og Norborg sitt femte.

Etter 5-0 fekk LGFK eit visst trykk og keeperinnbytar og debutant Viktor Tomic måtte vise fram fleire reaksjonsredningar. Etter eit cornertrykk frå LGFK fekk Norborg klarert til William Grytten, han la ballen ned til Magnus Otterlei som sette på turboen. Etter ein sprint på 70 meter, kippa han ballen elegant over den spanske sisteskansen til LGFK. Heilt på tampen scora LGFK eit trøystemål ved Begn Leikanger Gotten.

Laget: Sander Arntsen (Viktor Tomic, 46) – Tobias Flem Hellem, Tor Abelseth, Tobias Jensen, Stian Klokk (Elias Seth, 72) – Thomas Aarsund, Jesper Vos (Per Kristian Grytten Søvik, 63) – William Jenssen Grytten (Kristoffer Søviknes, 77), Ivan Håvik Berntsen (Lars Mikalsen, 77), Magnus Otterlei (Henrik Hurlen, 83) – Henrik Hurlen (Tarjei Urkedal, 72)