Norborg/Brattvåg2 – Hareid 2-0 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Hareid 2-0 (1-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 30.09.2022

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (12)
2-0 Thomas Aarsund (89)

Sjansar: 4-10
Cornere: 3-3

Norborg tok sin første heimesiger på 5 månader då Hareid vart sendt heim med det som for dei var eit surt tap. Hareid var nemleg best i det meste bortsett frå å få ballen i mål. Dei tre poenga gjer at mykje skal gå gale om Norborg ikkje også neste år spelar i 4. divisjon. Eitt poeng til, eller eit poengtap for LGFK/Gjerdsvika, sikrar plassen til Norborg utan å måtte tenke på resultata i 3. divisjon.

Hareid gjekk hardt ut og dominerte dei første 25 minutta under flotte speletilhøve i Uggedalen. James Kenneth Sjåstad, Erlend Skeide, Petter Haddal Worren, Joakim Berge Sæther og Gustav Bjørlykke Kløvning hadde alle store sjansar, men kom ikkje nærmare enn ein lobb i tverra. Innimellom dei store sjansane til bortelaget scora Norborg på sin eine då Hareid sin keeper bomma på ballen og Tarjei Urkedal plutseleg stod med ballen framfor eit opent mål. Tidenes målscorar i Norborg gjorde ingen feil og sette inn sitt mål nummer 237 i karrieren.

Hareid roa seg dei siste tjue av omgangen og dei to comeback-spelarane Kristoffer Søviknes og Kjell Terje Brusdal på stopparplass fekk tid til å få igjen pusten. Like før pause var Norborg nær å doble leiinga då Magnus Otterlei kom seg rundt på venstrekanten og fann Martin Koch framfor mål, men avslutninga vart blokkert. Trass denne sjansen var Norborg heldig som gjekk til pause med 1-0 leiing.

2. omgang var langt jamnare enn den første, men Hareid var også i denne omgangen det laget som skapte mest framfor mål og Norborg kan takke sin keeper Ronald Søvik Olsen for at det fortsatt stod 1-0 når ein gjekk inn i sluttminutta. Like før ordinær tid var ute vart Magnus Otterlei lagt hardt i bakken og trengte hjelp av fysio Thomas Aarsund. Etter å ha gitt litt behandling gjorde fysioen seg klar til å ta frisparket frå om lag 30 meter litt skrått frå mål. Dei fleste venta innlegg, men Aarsund tok saka i eigne føter og klinka ballen nydeleg i mål. 2-0, og saken var biff.

Neste kamp for Norborg er borte mot Hovdebygda fredag 7. oktober kl. 1830. Neste heimekamp er torsdag 13. oktober kl. 1830 mot Ørsta.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Kristoffer Søviknes, Kjell Terje Brusdal, Stian Fjørtoft Klokk – Thomas Aarsund, Martin Koch (Henrik Otterlei Hurlen, 55), Jesper Vos – Magnus Otterlei (Hurlen, 23) (Otterlei, 28) (Elias Austbø Seth, 90), Tarjei Urkedal (William Jenssen Grytten, 69), Tobias Flem Hellem (Sverre Tomren Søvik, 86).

*** Ronald Søvik Olsen
** Thomas Aarsund
* Kjell Terje Brusdal