Norborg/Brattvåg2 – SIF/Hessa 2-2 (2-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 31.08.2022
Sjansar: 12-8
1-0 Martin Koch (13)
1-1 Gaute Kvalsvik (17)
1-2 Gaute Kvalsvik (31)
2-2 Tobias Jensen (41)
Etter å ha vist solid scoringsform i det siste gjekk det litt trått framfor mål for Norborg i heimekampen mot SIF/Hessa. Etter 2-2 i ein jamspelt 1. omgang burde heimelaget ha avgjort kampen etter kvila, men trass store sjansar ville ikkje ballen i mål.
Norborg tok føringa i kampen då Martin Koch fekk stjernetreff frå 18 meter, men gleda varte ikkje lenge for heimelaget. Fire minutt sienare ruva Gaute Kvalsvik høgast på corner og stanga inn utlikninga. Eit kvarter seinare har same mann snudd kampen for gjestane då han sende av garde eit vådeskot frå 30 meter. Keeper Olsen stod med sola i augene og fekk ikkje opp hendene raskt nok på det uventa skotet. Like før pause skapte Tobia Jensen balanse i rekneskapen då han tok med seg ballen inn i 16 meteren frå venstre og lurte ballen i nota. Uavgjort til pause var eit greit resultat.
I 2. omgang var Norborg det beste laget og skapte mange store sjansar. Magnus Otterlei, Erlend Blø og Martin Koch hadde alle sjansar det normalt skal bli mål på, men enten gjekk avslutningane over eller midt på keeper. Gjestane hadde også eit par sjansar, men på langt nær så store som heimelaget sine. På overtid fyrte heimelaget sin beste spelar Martin Koch av frå 16 meter, men ballen gjekk, typisk nok, stang ut.
Neste kamp er borte mot Rollon fredag 9. september.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Hellem – Jesper Vos, Thomas Aarsund, Martin Koch – Magnus Otterlei, Kjell Terje Brusdal (Tarjei Urkedal, 60), Erlend Blø.
*** Martin Koch
** Thomas Aarsund
* Tor Abelseth