Blindheim – Norborg/Brattvåg2 4-6 (2-1)
4. divisjon, Blindheim KGB, 26.08.2022
0-1 Thomas Aarsund (str. 16)
1-1 Kristoffer Florvaag (26)
2-1 Hans Skovly (34)
2-2 Magnus Otterlei (51)
2-3 Magnus Otterlei (52)
3-3 Emil Karlsson (54)
4-3 Lukas Slyngstadli (66)
4-4 Sjølmål (83)
4-5 Martin Koch (85)
4-6 Erlend Blø (89)
Norborg/Brattvåg2 leverte ein solid sluttspurt og reiste for andre veka på rad heim frå Uksenøya med tre poeng og halvdusinet scora mål då Blindheim vart slått med 4-6.
Norborg tok leiinga dryge kvarteret ut i kampen då Thomas Aarsund sette inn eit straffespark etter at Magnus Otterlei vart lagt i bakken av keeper. Blindheim kom sterkt tilbake og snudde kampen inn mot pause etter mål av Kristoffer Florvaag og Hans Skovly. Heimelaget leia fortent til pause og Norborg var heldige som ikkje låg under med meir enn 2-1.
Magnus Otterlei scora hat-trick sist veke mot Emblem og kom godt i gong etter pause med to mål på like mange minutt. Norborg var dermed på nytt i føringa sju minutt etter sidebyte, men gleda varte ikkje lenge. To minutt seinare utlikna Emil Karlsson før Lukas Slyngstadli med mor frå Grytastranda og far frå Slyngstad, sende Blindheim i føringa då han heada inn ein corner halvvegs ut i 2. omgang.
Norborg gav likevel ikkje opp og satte inn ein solid sluttspurt med tre mål i sluttminutta. Utlikninga til 4-4 var det ein heimespelar som var uheldig å sette i eige mål, før toppscorar Marin Koch gjorde 4-5 og Erlend Blø 4-6.
Norborg har fått comeback frå nokre gamle heltar dei siste vekene med Tarjei Urkedal og Kristoffer Søviknes. Denne gong var Elling Mikal Kalvø og Kjell Terje Brusdal også med der spesielt Kalvø leverte eit solid stykke arbeid. – Han var ein gamechanger. Han kom syklande på kamp, leverte varene og sykla heim igjen, sa trenar Marius Rogne etter kampen. Ein tenåring har også kome inn. Daniel Elias Dyb signerte frå Godøy for nokre veke sidan og fekk sin debut.
Norborg/Brattvåg2 møter SIF/Hessa på Uggedal stadion onsdag 31. august kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Stian Fjørtoft Klokk (Elling Mikal Kalvø, 65), Tor Abelseth, Daniel Elias Dyb (Kjell Terje Brusdal, 70), Martin Koch – Tobias Jensen, Thomas Aarsund, Jesper Vos – Magnus Otterlei (William Grytten, 89), Tarjei Gjerset Urkedal (Kristoffer Søviknes, 74), Erlend Blø.
Stjerner:
*** Martin Koch
** Magnus Otterlei
* Elling Mikal Kalvø