Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-6 (0-4)

Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-6 (0-4)
4. divisjon, Ebbemyra KGB, 18.08.2022

0-1 Henrik Hurlen (2)
0-2 Magnus Otterlei (13)
0-3 Erlend Blø (23)
0-4 Martin Koch (45)
0-5 Magnus Otterlei (61)
0-6 Magnus Otterlei (67)
1-6 Per Ole Sollid Egset (78)
2-6 Per Ole Sollid Egset (85)

Det tok ikkje lang tid før Norborg/Brattvåg2s unge angrepsrekke viste seg fram. Allereie før to minutt var spelt hadde Henrik Otterlei Hurlen kriga seg fri frå midtstopparane og banka inn 1-0! Norborg var det førande laget, men Emblem var ikkje ufarlege. Etter scoringa kom Emblem farleg nær, men ein solid Sander Arntsen hindra utlikninga frå fem meter. Varsko her, Norborg sette inn nådestøyt. Først kom Magnus Otterlei seg fri på venstrekanten, sette full fart mot målgarden og auka leiinga. Høgrekanten ville ikkje vere noko dårlegare. Erlend Blø fekk ballen fri på høgreside og gjorde likens som kollega Otterlei. Full fart framover, iskald og 3-0 før 25 minutt var spelt. Eit meir effektivt og ballsikkert Norborg enn mot Bergsøy sist. Emblem forsøkte å angripe langs sine kantar, men både back og midtbaneduo gjorde godt stykke arbeid for å drage ned tempoet til Emblems angrepsspelarar. Eit skår i gleda i 1.omgang var at Henrik Hurlen måtte spasere av med ein smell, men inn kom Ulrik Havnsund. Rett før pause vann Havnsund ballen sentralt på eigen halvdel. Han hever blikket og finn Martin Koch med ei glimrande 40-meterspasning. Han fekk både tid, rom og tenkepause før han sette inn 4-0. Norborg effektiv og god før pause!

Emblem gjorde plass- og formasjonsbytte, medan Norborg bytta ut Koch med bursdagsbarn Tarjei Gjerset Urkedal til kamp nummer 570! Emblem fekk ein fordel av formasjonsbytte og la trykk på Norborg dei første ti-femten minutta, men i staden var det Norborg, ein gammal ringrev og ein unggut som skulle komme i fokus. Eit innlegg frå høgre fann gamlefar Urkedal i feltet. Han forsøkte å avslutte, men omringa av tre Emblemspelarar endar ballen mot lengste. Der står Magnus Otterlei og hamra inn 5-0. Otterlei var ikkje ferdig her. Seks minutt seinare gjorde han 6-0 då han nok ein gong kom seg fri på venstresida, og med eit klassisk tåspark sende han ballen i lengste kryss! 6-0 og sitt første senior-hattrick for ungguten. Med 6-0 og byttar blei intensiteten dalande, og Emblem fekk to gratissjansar som dei utnytta. Først scora Per Ole Egset på frispark frå 20-meter, før ei klarering frå Norborg-forsvaret landa i beina til Egset, som fastsette sluttresultatet til 2-6. Dette var Norborg sin første siger sidan bortekampen mot SIF/Hessa 13. mai.

William Jenssen Grytten fekk sin første kamp i Norborg-trøya då han kom inn eit kvarter før slutt. Vi gratulerer med debuten!

Laget:
Sander Arntsen – Tobias Flem Hellem (William Grytten, 75), Tor Abelseth, Anders Toven, Tobias Jensen – Jesper Vos (Kristoffer Søviknes, 75), Thomas Aarsund – Erlend Blø (Stian Klokk, 60), Martin Koch (Tarjei Urkedal, 46), Magnus Otterlei – Henrik Otterlei Hurlen (Ulrik Havnsund, 38).

Stjerner:
*** Magnus Otterlei
** Jesper Vos
* Thomas Aarsund