Ørsta – Norborg/Brattvåg2 1-1 (1-0)

Ørsta – Norborg/Brattvåg2 1-1 (1-0)
4. divisjon, Aurstad Arena Kunstgras, 23.06.2022

1-0 Evan Dyrhol Aambø (15)
1-1 Henrik Otterlei Hurlen (84)

For andre kamp på rad var det ein innbytar som redda poenget for Norborg/BIL2. Etter at heimelaget hadde vore best i 75 minutt og leia etter eit tidleg mål av Evan Aambø, vakna Norborg det siste kvarteret og fekk utlikninga si då Henrik Hurlen ekspederte eit frispark frå Thomas Aarsund i nota til sitt første A-lagsmål.

-Vi tek eit krigersk poeng i dag, sa trenar Marius Rogne. Vi hadde første store sjansen i kampen, men vi slit med å sette laget før pausen. Vi ligg lavt og forsøke å vere kompakt. I pausa tek vi tak i dei tinga som ikkje er på plass og handla deretter. Vi he kontroll utan ball og slepp ikkje til dei store sjansane, men he mange dødballa imot. Siste tjue legg vi om og sett eit høgare press. Vi skape momentum og får, ironisk nok, scoring på dødball! Godt slått frispark av Thomas, der Henrik bryt ballbana. Det blir hawaii siste 5, og begge lag he småfarlighete. Ørsta mest ball, flest sjansa, men vi er sterkast siste 15.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Anders Toven, Tor Abelseth (Per-Kristian Grytten Søvik, 17), Tobias Flem Hellem – Ådne Hellandsvik (Igor Leonov, 64), Nikolai Jensen, Thomas Aarsund – Eirik Koppen Vågnes, Jesper Vos (Henrik Otterlei Hurlen, 70), Martin Fylling Koch (Magnus Otterlei, 46).

*** Thomas Aarsund
** Per Kristian Søvik
* Tobias Flem Hellem