Hareid – Norborg/Brattvåg2 2-1 (0-0)

Hareid – Norborg/Brattvåg2 2-1 (0-0)
4. divisjon, Hareid stadion, 09.06.2022

0-1 Martin Koch (62)
1-1 Kristoffer Stranden (82)
2-1 Arnold Origi (89)

Norborg/Brattvåg2 stod med 6 strake bortesigrar over Hareid, men i kveldens kamp måtte ein sjå seg slått 2-1. Martin Fylling Koch ga dei oransje leiinga etter ein dryg time, men Kristoffer Stranden og den tidlegare Lillestrøm-keeperen Arnold Otieno Origi (søskenbarnet til Liverpool-helt Divock Origi) snudde kampen i løpet av dei ti siste minutta. Dermed står Norborg med tre strake tap og har fått botnlaga opp i ryggen.

-Ein kamp med lite energi. Vi har nok sjansar til å ta leiinga tidlegare og å auke leiinga. Innsatsen betre enn mot Langevåg, men vi har for stor fokus på at bana er humpete og dårleg. Hareid totalt sett best, men vi skaper like mykje som dei, sa trenar Marius Rogne.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jesper Vos, Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Flem Hellem (Lars Mikalsen, 90) – Tobias Jensen (Henrik Hurlen, 68), Thomas Aarsund, Ådne Hellandsvik – Magnus Otterlei, Eirik Vågnes (Stian Fjørtoft Klokk, 84), Martin Koch.