Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 3-3 (1-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 17.06.2022
Sjansar: 9-11
Cornere: 6-6
1-0 Igor Leonov (12)
1-1 John Hjorthol (17)
1-2 Bjørnar Holen (37)
1-3 Jonas Tafjord (52)
2-3 Thomas Aarsund (str. 77)
3-3 Jesper Vos (87)
Det vart ein spennande og underhaldande kamp på Uggedal stadion fredag kveld der innbytar Jesper Vos kom i fokus. Norborg/Brattvåg2 låg under 1-3 og hadde lite å by på fram til stordalingen entra bana. Dryge tjue minutt seinare hadde han både skaffa straffespark og scora sjølv, og sikra dermed eit viktig poeng mot botnrivalen.
Det var Igor Leonov som opna scoringsballet då han banka ballen i nota etter at Hovdebygda ikkje greidde å klarere ein dødball. Fem minutt seinare hadde Norborg nok ein dødball, men den enda i mål til gjestane då Bjørnar Holen dunka ballen i bakrom frå eigen 16 meter fram til John Hjorthol, som sprang frå heimeforsvaret og sette ballen sikkert bak keeper. Spelet bølgja fram og tilbake og begge lag hadde sine sjansar. Blant anna avslutta heimelaget sin Nikolai Jensen i stolpen. Jensen som er heime frå studiar i Bergen var Norborg sin beste spelar i denne omgangen.
I staden for leiing til Norborg var det den notoriske målscoraren Bjørnar Holen som sette ballen i nota via hanskane til keeper på eit frispark. Eit forsøk som keeper Olsen nok hadde redda i dei aller fleste tilfelle, men diverre ikkje denne gong. Mogeleg den sleipe bana skal ta noko av skulda. Gjestane kunne uansett gå til pause med leiing.
Hovdebygda starta 2. omgang best og sju minutt ut i omgangen auka Jonas Tafjord til 1-3 når han fekk stå umarkert utanfor 5 meteren. Heimelaget sine spelarar hang med hovudet dei neste tjue minutta og fekk lite til offensivt. Hovdebygda tok seg god tid i alle situasjonar og hadde full kontroll fram til det siste kvarteret. Då vart Jesper Vos lagt i bakken og dommar Bratteberg frå Ørsta peika på straffemerket. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i nota til 2-3. Det gav Norborg ei vitamininnsprøyting og tre minutt før full tid sikra Vos 3-3 då han frå liggande posisjon sparka ballen i nota etter corner. På overtid hadde begge lag sjansen til å avgjere. Spesielt Hovdebygda då berre ei meisterleg redning av keeper Ronald Søvik Olsen hindra mål på ei avslutning frå 10-12 meter. Det skotet såg nok dei fleste gå i mål.
Neste kamp er borte mot Ørsta torsdag 23. juni.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Anders Toven, Tor Abelseth, Tobias Flem Hellem – Igor Leonov, Nikolai Jensen, Thomas Aarsund – Thomas Whalen (Jesper Vos, 64), Eirik Vågnes, Magnus Otterlei (Henrik Hurlen, 79).
*** Nikolai Jensen
** Thomas Aarsund
* Jesper Vos