Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-2 (1-2)

Norborg/Brattvåg2 – Rollon 2-2 (1-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 20.05.2022

Sjansar: 8-9
Cornere: 4-8

1-0 Martin Fylling Koch (3)
1-1 Marius Myking Waagan (22)
1-2 Adrian Blindheim (str. 25)
2-2 Martin Fylling Koch (86)

Norborg leverte fredag kveld eit sterkt resultat i ei svak forestilling mot Rollon. Martin Koch ga laget ein pangstart då han sette eit flatt legg frå Eirik Vågnes i nota frå kloss hald. Rollon hadde det komande kvarteret eit spelemessig initiativ, og kom seg til nokre nestensjansar. Då var heimelaget nærmare 2-0 på sine tre strake hjørnespark rundt tjue minutt ut i kampen. Per Kristian Grytten Søvik avslutta den første corneren med eit godt utført brassespark, men ein Rollon-spelar fekk avverja til corner. Anders Toven heada den påfølgjande corneren i stolpen før corner nummer tre vart satt over av Søvik.

I staden for 2-0 står det nokre minutt seinare 1-2. Først følgjer Marius Waagan opp sitt eige skot og sette retur under keeper og i nota. Så blir det blåst straffe då ein Rollon-spelar vart sendt i bakken. Korrekt, men unødvendig. Adrian Blindheim sette straffa sikkert i nota. Heimelaget greidde ikkje å få til det store spelet, men eit par minutt før pause fekk Thomas Aarsund ein bra sjanse utan å overliste keeper.

Rollon leia til pause, men viste seg som ei langt sløvare utgåve enn det som rundspelte Norborg i fjor haust og vann 5-0. Etter kvila var litt meir på det nivået vi kjenner dei og skapte tre store sjansar, men ingen av avslutningane gjekk innafor stolpane. Heller ikkje når Norborg fekk keeper Sander Arntsen skadd og måtte sette utespelar Henrik Hurlen i mål, fann avslutningane riktig veg. Mot slutten av kampen vart det heller ingen avslutningar for Norborg starta å ta over kampen.

Fire minutt før slutt fekk Martin Koch ballen ute på kanten. Han storma mot kortlinja og fyrte av mot mål. Ballen fauk som eit prosjektil inn ved lengste hjørnet til 2-2 og ellevill jubel. På overtid var Eirik Koppen Vågnes nær ved å gjere 3-2 då han snappa ballen frå ein Rollon-forsvarar og storma mot mål. Diverre greidde keeper Mathiesen å krangle til seg ballen.

Poengdeling var totalt sett greitt. Rollon hadde ballen mest og hadde sine sjansar til å punktere kampen tidleg i 2. omgang, medan Norborg hadde sine sjansar til å auke til 2-0 tidleg i kampen, samt sikre seg alle poenga på overtid.

Neste kamp er borte mot Herd fredag 27. mai kl. 1815.

Laget: Sander Arntsen (Henrik Otterlei Hurlen, 65) – Per-Kristian Gytten Søvik, Anders Toven, Tor Abelseth, Stian Fjørtoft Klokk (Tobias Flem Hellem, 70) – Thomas Aarsund, Ådne Hellandsvik, Tobias Jensen – Magnus Otterlei (Vågnes, 87), Eirik Koppen Vågnes (Jesper Vos, 70), Martin Fylling Koch.

*** Tor Abelseth
** Thomas Aarsund
* Martin Fylling Koch