Sigra over SIF/Hessa i jubileumskampen


Norborg/Brattvåg2 slo tilbake etter nedturen mot Blindheim sist veke og vann 1-2 borte mot SIF/Hessa i det som var Norborg sin seriekamp nr. 1000 sidan starten i 1968. Det starta likevel ikkje så bra for oransjetrøyene. Etter at begge lag hadde hatt sine forsøk i opningsminutta gjorde Mathias Sandø 1-0 for heimelaget eit kvarter ut i kampen då Sondre Kjølsøy kom seg rundt på høgrekanten og la flatt inn til Sandø som putta frå kloss hald. Omgangen var jamn og kunne med marginar sett fleire mål enn det eine som kom. Heimelaget opna best etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen tok fram det beste i seg og hindra mål. I staden er det Anders Toven som header inn utlikna etter corner av Martin Fylling Koch. Norborg er no på hogget og nokre minutt seinare peikar dommar på straffemerket etter at ein SIF-spelar handsar i straffefeltet. Thomas Aarsund sette straffa sikkert i mål. Begge lag hadde sine sjansar den siste halvtimen, men fleire mål vart det ikkje. Dermed tre herlege poeng heim til Haramshalvøya. Trenar Marius Rogne var sjølvsagt ein glad mann etter kampen: – Godt å slå tilbake med tre poeng. Vi er ikkje strukturert nok i 1.omgang sjølv om vi skaper nokre gode sjansar. Vi finn tilbake til vår “fighting spirit” utover i kampen og kjempa inn sigeren. Så er det berre å takke vår bestemann Ronald Olsen for at han gjer det mogeleg for oss å ta sigeren. Heia Norborg, sa trenar Marius Rogne etter kampen.
Kampreferat.