Nedanfor finn du ei oversikt over fylkesmeistrar og krinsmeistrar i åra 1915 til 1962, men først ei kort oppsummering om starten på fotballen på Sunnmøre.
I Møre og Romsdal kom fotballen inn under organiserte former 28. juni 1914 då Romsdal Amts Fotballkrets vart stifta. Dei seks byklubbane i fylket Ynglingeforeningen (seinare Braatt), Kristiansund FK, Nordlandet, International (seinare Molde FK), Aalesunds FK og Rollon var inkalla til eit konstituerande møte i Molde av Geo Haller. Sunnmøre braut ut av samarbeidet og danna sin eigen fotballkrins i 1920 med deltagelse på konstitusjonsmøtet frå følgande klubbar: Aalesunds FK, SK Rollon, Sykkylven IL og Freidig (Valldal). På haustens ting deltok i tillegg IL Hødd, SK Glimt (seinare Smart), Hellesylt IL og Geiranger IL.
Tinget vedtok at laga skulle delast opp i to divisjonar, A og B. I klasse A deltok berre Aalesunds FK og Rollon dei to første åra. I 1922 rykte Smart opp og i 1923 Hødd og Langevåg.
I 1926 vart det gjort forsøk på å samle Møre og Romsdal til ein fotballkrins igjen, men det vart avvist av Sunnmøre. Eit forslag om ligakamper mellom A-klubbane i Mørebyane vart derimot vedteke og berre to månader seinare var “Mørebyenes liga” eit faktum med følgjande klubbar: Aalesund FK, Rollon, Kristiansund FK, Braatt og Molde. Ligaen, som var ein privatserie, vart starta opp i 1927 og varte fram til 1936. For utan dei 6 klubbane fekk Clausenengen innpass i 1934.
I 1937 vart Norgesserien innført der følgjande klubbar frå Møre og Romsdal var med: AaFK, Rollon, Kristiansund FK, Braatt, Clausenengen og Veblungsnes. Dette var ein serie i regi av NFF og den første landsomfattande serien. Landet vart delt opp i 8 distrikter der Møre og Romsdal vart kalla VII. Distriktsvinnarane møtttast i cupspel heime-borte (kvartfinale, semifinale og finale) for å få ein seriemester. Sesongen 1940 vart avbroten grunna krigen, medan 1946/47 vart brukt til lokale kvalifiserings ligaer til Norgesserien 1947/48 (det vart spelt haust/vår fram til 1962).
I 1948/49 vart toppen av norsk fotball tilspissa med innføring av Hovedserien, som bestod av to grupper der vinnarane møttest til finale. 1. divisjon (nivå 2) bestod av 8 distrikt med 11 avdelingar. I 1951/52 fortsette ein med Hovedserien, men Landsdelsserien (nivå 2) vart innført med 7 avdelingar. I 1. divisjon (nivå 3) vart det 18 avdelingar. Denne serieordninga haldt fram til og med 1961/62 sesongen. I 1963 vart 1. divisjon innført med 10 lag og dobbelt serie som fulgte kalenderåret. 2. divisjon bestod av 2 avdelingar á 8 lag.
Oversikt over fylkesmeistrar og krinsmeistrar 1915-1962:
Møre og Romsdal (1915-1919):
1915 Rollon
1916 Rollon
1917 Aalesund
1918 Kristiansund FK
1919 Aalesund
Vinnarar Sunnmøre sesongane 1920-1937
Fylkesmeistrar og KM-vinnarar 1938 til 1962:
Norgesserien Distrikt VII |
2. divisjon Sunnmøre |
3. divisjon Sunnmøre |
||
1937/38 | Kristiansund | ? | ||
1938/39 | Kristiansund | ? | ||
1939/40 | Avbrutt | |||
1947/48 | Kristiansund | Herd | Hareid | |
1. divisjon Distrikt VII |
2. divisjon Sunnmøre |
3. divisjon Sunnmøre |
||
1948/49 | Molde | ? | Hareid | |
1949/50 | Kristiansund | Hødd | ? | |
1950/51 | Aalesund | Langevåg | ? | |
Landsdelsserien Gruppe Møre |
1. divisjon Sunn/Roms |
2. divisjon Sunnmøre |
3. divisjon Sunnmøre |
|
1951/52 | Hødd | Ørsta | Sykkylven | Stranda |
1952/53 | Langevåg | Rollon | Velledalen | Bergsøy |
1953/54 | Molde | Sykkylven | Herd | Brattvåg |
1954/55 | Kristiansund | Herd | Hareid | |
1955/56 | Molde | Rollon | Spjelkavik | |
1956/57 | Molde | Spjelkavik | Ørsta | |
Landsdelsserien Gruppe Møre |
3. divisjon Sunnmøre |
4. divisjon Sunnmøre |
||
1957/58 | Kristiansund | Volda | Stranda | |
1958/59 | Hødd | Skarbøvik | Aksla | |
1959/60 | Kristiansund | Herd | Hovdebygda | |
1960/61 | Langevåg | Skarbøvik | Spjelkavik | |
1961/62 | Aalesund | Velledalen | Valder |
Kilder: