Då er vi komen fram til siste runde av årets sesong. Kvelden då nervane skal vere i høgspenn! Draumar skal oppfyllast eller knusast! Men, sånn er det ikkje i 5. divisjon. I Norborg-land, Brattvåg og Blindheim er opprykksjubelen for lengst over. Medan Guard, Fjørtoft og Sæbø har forbanna seg over nedrykket og er ferdig prata om kor dei burde ha tatt dei nødvendige poenga. Likevel, sesongen skal fullførast med ære og ein ting er sikkert; alle lag kan senke skuldrane og varte opp med sexy fotball. Det er dermed all grunn til å møte opp på dei seks stadionane denne torsdagskvelden kl. 1830. Vi har sett litt på kampane.
Norborg/Brattvåg2 – Guard
Den største spenninga i divisjonen er om dei oransje skal nå 100 mål. Dei manglar 8. Vårens kamp på Color Line stadion enda med 9-0 til Norborg/BIL2. Guard haldt lenge bra stand, men etter pause var det rått parti med sju oransje mål. Heimelaget vil mangle Tarjei Urkedal, men det er eit lite håp om å få med Kristoffer Søviknes, som mangla sist. Guard kjem i frå 0-5 for Herd2 i det som var ein vinn eller forsvinn kamp. Guard var då fryktelege i sitt offensive spel og stod stort sett på eigen halvdel i 90 minutt. Alle kampar lever sitt eige liv, men vi kan ikkje sjå anna enn at dette blir ein heimesiger.
Langevåg – Fjørtoft
Langevåg har vore gode i haust og slo Blindheim i sist kamp. Fjørtoft vakna til liv sist etter tre strake tap og knuste Skodje på bortebane. Det er to ulike spelestilar som møtast i denne kampen. Jaudå, begge lag likar å halde ballen langs bakken, men løpsvilja er langt større i Langevåg enn hos meir stasjonære Fjørtoft. Fjørtoft sin tidlegare Langevåg-spelar Kristoffer Holmen får ikkje bli med mot gamleklubben sidan han fekk sitt 4. gule kort sist. Klar heimesiger.
Blindheim – Hovdebygda
Hovdebygda vann vårens oppgjer, men denne gong blir det revansje for dei kvite og svarte mot eit Hovdebygda som berre ventar på at sesongen tek slutt. Torgrim Eltvik må sone for sine tre gule for Hovdebygda og det eine han fekk for Ørsta2. H.
Ellingsøy – Skodje
Ellingsøy redda plassen med siger over Fjørtoft for eit par veker sidan. Det var viktig for eit lag med såpass mange unge spelarar. I kampen mot Norborg tidlegare i haust var 8 av 15 spelarar mellom 16 og 19 år. Potensialet for å bli betre neste år er dermed til stede, og då kan ein ikkje spele i 6. divisjon. Må unnvere Joachim Skotte, som fekk raudt kort sist. Skodje er stadig oppe på ein 4. plass sjølv om det ser ut som laget har tatt ferie for lenge sidan med fem tap på dei seks siste. Får tilbake Eivind Erstad frå karantene og då vaknar vel laget til liv. Sikrar 4. plassen med siger i denne kampen. B.
Volda2 – Stranda
Volda2 feide over nabo Hovdebygda sist, medan Stranda leverte ein god kamp mot Norborg. Dersom alle dei beste spelarane er med til Volda så skal det bli bortesiger. B.
Herd2 – Sæbø
Sæbø har vist gode takter heime i det siste og kom seg i alle fall opp på 13 poeng, men der stoppar fangsten. Må unnvere Martin Sandbakk med karantene for 4 gule kort. Herd2 sikra plassen med 5-0 over Guard sist og kan endeleg sleppe ned skuldrane etter ein uventa tøff sesong. Klar heimesiger.