Vi har nådd 8. serierunde i 5. divisjon og Blindheim har fått eit forsprang det ser vanskeleg ut å tette for dei andre laga. Kampen om 2. plassen er derimot særs jamn. I denne runda møtes dei to favorittane til denne eine plassen, samt dei to fremste utfordrarane.
Guard – Stranda
Denne kampen spelast allereie i kveld kl. 19. Guard har to strake tap etter den oppløftande 5-0 sigeren over Skodje. Stranda ligg midt på tabellen takka vere god heimeform. Er svake borte, men møter no eit lag som er svake heime. Vi trur det blir jamt, men at Stranda bikkar kampen i sin favør. B.
Herd2 – Hovdebygda
Herd2 står med tre strake tap og har rast ned til 10. plass på tabellen. Sidan 1. laget slit i 3. divisjon, så blir det nok lite hjelp å få derifrå. Hovdebygda har høve til å melde seg på i opprykkskampen med siger her, men “bøgda” er ikkje kjent for å vere det beste bortelaget. Vi trur på ein jamn kamp på Moa. U.
Blindheim – Ellingsøy
Heimelaget står med berre eitt tap på dei sju første og har fått ei luke i toppen. Sidan Blindheim går på siger på siger mot antatt svakare motstand, noko dei på papiret to fremste utfordrarane ikkje gjer, så ser det ut til at Preben Lorgen sitt mannskap blir å finne i 4. divisjon neste sesong. Ellingsøy er blant dei svakare laga i divisjonen og skal ikkje by på problem for heimelaget. H.
Norborg/Brattvåg2 – Langevåg
Dei to opprykksfavorittane i divisjonen har ikkje fått den beste opninga. Norborg har gått på to bananskal i bortekampane mot Volda2 og Skodje, medan Langevåg har spelt for mange uavgjorte. Jamt trur vi det blir i Uggedalen også, men dersom Norborg får tilbake Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes og Elling Mikal Kalvø frå sist kamp, så skal poenga bli verande på Grytastranda. H.
Volda2 – Skodje
Volda2 plukka jamt og trutt poeng og befinn seg på ein 4. plass. Heime stille dei nok litt sterkare enn borte, så 2. plasserte Skodje kan få tøff motstand. Skodje er godt organisert, har mykje rutine og er farlege på dødballar. Er dei like effektive på dødballane som i sist kamp, så blir det tre poeng. B.
Fjørtoft – Sæbø laurdag kl. 14
Begge laga ventar stadig på sin første siger. På laurdag trur vi Fjørtoft tek sin første om dei stille toppa mannskap. H.