5. divisjon runde 21

Då er det klart for nest siste runde i 5. divisjon. Spenninga er på Color Line Stadion på onsdag då Guard tek imot Herd2, ein kamp heimelaget må vinne for å komme à poeng med Herd2 i kampen om å unngå nedrykk.

Guard – Herd2
Dei to siste serierundene skal normalt spelast samtidig, men denne kampen er eit unntak og spelast onsdag medan resten av runda går torsdag. Dette er ein skikkeleg botnkamp. Guard må vinne, medan Herd2 reddar plassen med uavgjort. Vårens møte enda med 3-0 til Guard. Herd har redda plassen i 3. divisjon og kjem nok til å stille sterkt til denne kampen. Vi trur det enda med ein solid bortesiger.

Langevåg – Blindheim
Rundas toppkamp, men utan spenning sidan Langevåg ikkje kan ta igjen Blindheim sitt forsprang. Blindheim har mest å spele for sidan dei framleis har teoretiske sjansar til å ta sin første KM-tittel sidan 1979. Likevel, er Langevåg sin innsats på høgde med den dei viste mot Norborg så held vi dei som knappe favorittar. Simon Vågnes er i god form og scora fire i sist kamp mot Volda. Han kan vippe sigeren i Langevåg sin favør. H.

Hovdebygda – Volda2
Begge lag vart slakta i sist kamp. Hovdebygda mangla då mange spelarar og får dei tilbake nokre av dei, som toppscorar Daniel Malakzadeh så trur vi på rask betring. Volda2 er faktisk ikkje heilt trygge, men det må nok eit lite mirakel til for at både Guard og Herd2 skal passere grøntrøyene sine nest beste. Likevel, vi trur Volda2 kjem til å stille med eit sterkt mannskap i dette lokaloppgjeret. Open kamp som vi trur endar med poengdeling.

Skodje – Fjørtoft
Skodje spelar for å bli best av dei nest beste og dermed bli nummer 4. Fjørtoft sitt nedrykk vart klart i helga. Skodje manglar viktige Eivind Erstad, som fekk sitt 4. gule sist. Det aukar Fjørtoft sine vinnarsjansar og gjer dette til ein open kamp. U.

Stranda – Norborg/Brattvåg2
Stranda har hatt eit brukbart tak på Norborg dei siste åra og er det laget som sist tok poeng mot oransjetrøyene. Fysikk møter fart og teknikk. Vi håper teknikken set og at Norborg/BIL2 tek poenga. B.

Sæbø – Ellingsøy
Sæbø har for lengst rykt ned, medan Ellingsøy etter alt å dømme sikra fornya kontrakt sist helg då dei slo Fjørtoft. Kampen på Nes i vår enda med 2-1 til Ellingsøy, Vi ser ikkje bort ifrå at Sæbø tek revansje om Bjørnar Holen har dagen og forsvaret har ein litt betre dag enn dei brukar å ha. H.