Torsdag og fredag spelast den 10. runda i 5. divisjon med to spennande toppoppgjer. Ein på torsdag mellom Norborg/BIL2 og Stranda, og ein på fredag då Blindheim og Langevåg barkar saman. Vi har sett litt på runda.
Herd2 – Guard
Ingen av desse to bylaga er i god form. Herd2 har fem strake tap, medan Guard har fire. Ferdighetsmessig så held nok Herd2 sine spelarar eit høgare nivå enn Guard, men Guard vil nok kompensere noko på innsats. Vi trur det blir jamt, men at Herd2 vinn. H.
Ellingsøy – Sæbø
Etter ein ganske god start på sesongen, så starta Ellingsøy å prestere meir som venta. Men i sist kamp så snudde dei trenden og vann 1-0 over Fjørtoft etter eit seint mål. I følgje rapportane så var dette ein heldig siger. Dersom Sæbø stille fullt lag så bør det absolutt vere sjansar til å få sin andre siger for året. Ellingsøy har god fysikk defensivt, medan Sæbø er gode offensivt. Det ligg an til ein jamn kamp på Nes. U.
Volda2 – Hovdebygda
Volda2 fekk stryk av Langevåg sist, men heime skal ein ikkje avskrive grøntrøyene. Sidan det er lokalderby så vil det vel føre til ekstra innsats også for eit 2. lag. Hovdebygda overraska oss med ein veldig ballbesittande spelestil i sist kamp mot Norborg. Sikkert vel og bra om du er meir interessert i det estetiske enn det effektive. Mannskapsmessig har Hovdebygda eit betre lag, men Volda2 vil nok bite godt frå seg. U.
Norborg/Brattvåg2 – Stranda
Norborg har vore særs effektive i det siste med 6 mål på 10 sjansar. Det har gitt to viktige sigrar i toppoppgjer. No skal ein ut i eit nytt toppoppgjer. Nemleg tredje plasserte Stranda. Eit lag som nok har overraska dei fleste hittil. Har sterke 3-1-0 på dei fire siste. Norborg får tilbake ein del spelarar frå sist kamp, men desse vil truleg ikkje kom før til 2. omgang pga. vitnemålsutgjeving. Vi held likevel Norborg som eit betre lag og skal vinne på heimebane. H.
Fjørtoft – Skodje
Ser vi på ei normal lagoppstilling av laga, så skal dette bli ein jamn kamp. Men ser vi på tabellen så bør det bli ein klar bortesiger. Fjørtoft har feila totalt sportsleg og styrer mot 6. divisjon. Skodje har overraska med fleire gode resultat. Har eit rutinert mannskap med mykje fysikk om alle tek turen til Fjørtofta. Har likevel to kampar utan siger, og må vinne denne for å halde følgje med teten. Det blir nok jamt, men flaks er ein viktig del i fotball, og den trur vi Skodje har mest av. B.
Blindheim – Langevåg
Rundas storkamp som spelast fredag. Heimelaget har gått frå siger til siger og fått ei luke i toppen. Har fått hatt eit stabilt mannskap og innarbeidd ein spelestil berre Norborg har visst korleis ein skulle stoppe. Kanskje ikkje så overraskande sidan Blindheim sin trenar forsøkte å innføre denne stilen i Norborg i fjor. Langevåg har hatt formstigning etter ein skuffande start, men treng alle poenga dei kan få for å halde følgje med tetstriden inn mot ferien. I denne kampen trur vi likevel Blindheim blir for sterke. Rett og slett fordi dei har betre spelarar. H.