Blindheim og Volda2 tjuvstarta femte serierunde i 5. divisjon. Som venta vann Blindheim komfortabelt 4-0 og kan feire 17. mai på tabelltopp. Dei fem øvrege kampane spelast onsdag 16. mai. Vi har sett litt på kampane.
Sæbø – Hovdebygda
Lokaloppgjer i Ørsta kommune. Sæbø står utan siger på dei fire første, medan Hovdebygda tok sin første då dei banka Langevåg 5-0 sist. Begge lag trivs på små baner, så Sæbø har ikkje den fordelen i denne kampen. Likevel trur vi mest på heimelaget om dei stille fullt mannskap. H.
Ellingsøy – Herd2
Våre nærmaste naboar i luftline har fått ein positiv start på sesongen med fem poeng. Borteforma har vore betre enn heime, og vi trur ikkje den blir betre denne kvelden. Herd2 har langt meir løpskraft og teknikk, og skal ta ein grei siger. B.
Langevåg – Stranda
Langevåg har hatt ein svak sesongstart med tre uavgjorte og eitt tap. Eit paralysert Langevåg tapte sist heile 5-0 for Hovdebygda. Vi trur då botnen var nådd og laget viser seg frå ei betre side mot Stranda, som på si side har hatt ei grei sesongopning med 7 poeng på dei tre siste etter tapet i serieopninga for Blindheim. H.
Skodje – Guard
Skodje er det einaste laget som står utan tap i divisjonen. Med siger i denne kampen så feirar laget 17. mai på opprykksplass. Det trudde nok dei færraste då deira beste spelar i mange år, Eirik Nesset Hjelvik, tok skoa sine og reiste til Spjelkavik. Toppscorar Eivind Erstad var skada sist, og då vil laget slite offensivt. Guard har kapra fire poeng på sine fire heimekampar. Årets første bortetur trur vi endar med poengdeling. U.