4. divisjon runde 4

Tre kampar vart spelt torsdag kveld  og det vart målrike kampar. Volda banka nabo Ørsta heile 5-0 framfor 1000 tilskodarar og held fram på toppen av tabellen. Bergsøy vann med same siffer over Blindheim og held følge med Volda, medan kveldens overrasking kom på Gursken River Plate der gjestane Emblem vann heile 5-2 over Larsnes/Gursken. L/G har då tapt alle sine fire kampar og fått ein uventa tøff start på sesongen etter at dei signerte fleire sterke namn like før seriestart.

I går spelte Hareid og Rollon 0-0, Hødd2 vann 4-2 over SIF/Hessa, og som dei fleste kjenner til så vart det 1-1 i Uggedalen mellom Norborg/BIL2 og Valder.
Tabell