For første og siste gong før siste runde i oktober så spelast alle kampane i 4. divisjon samstundes. Her er kampane og litt synsing rundt dei:
Hareid – Valder
Heimelaget er spådd som den store dumpekandidaten i årets 4. divisjon, men overraska nær sagt alle då dei lenge hadde Bergsøy i kneståande. Det enda til slutt 3-3, noko vi vel å kalle eit bonuspoeng. Sjølv om Hareid kanskje er betre enn sitt rykte så trur vi Valder tek med seg tre poeng over Breidsundet. Dei har betra spelarstallen sin i vinter og hadde full kontroll på Hødd2 i serieopninga. Hareid er nok ikkje så naive i forsvarsspelet sitt som Hødd2, men vi seie bortesiger.
Hødd2 – Emblem
To lag som tapte serieopninga møtest på Høddvoll. Laget frå Ulsteinvik hadde ingen sjans til å ta Valder sist og tapte 4-2 (låg under 4-0) og med eit tøft program for 1. laget denne veka med cupkamp i dag (4-3 siger over Træff) og ny kamp søndag, så vil det nok ikkje nokon av dei som 16-17 beste spelaren i A-stallen til Hødd vere med. Kan då Emblem som beit godt frå seg mot eit antatt topplag som Volda greie poeng? Ja, vi trur dei greie å kjempe seg til ein uavgjort.
Larsnes/Gursken – Bergsøy
Heimelaget signerte tre gode spelarar inn mot seriestart, men måtte sjå seg slått 2-1 borte mot Norborg/BIL2. L/G haldt eit høgt nivå før pause i den kampen, sjølv om dei sleit med å produsere sjansar. Divisjonsfavoritt Bergsøy kan få det tøft med å få med seg tre poeng. 3-3 mot Hareid i serieopninga gav nok fosnavågarane eit lite sjokk, og cupkamp mot AaFK (0-3 tap) i dag er ikkje den beste oppladinga. Likevel, vi trur Bergsøy si langt meir offensive kraft bikka kampen i ein bortesiger.
Volda – Rollon
Runda sin toppkamp spelast på Volda stadion. Volda sleit seg til 2-1 over Emblem sist, medan Rollon vann greit 3-1 over Ørsta. Stian Finnøy scora 14 mål på 15 kampar i fjor og haldt fram målteften med to mål i serieopninga. Volda har eit godt lag, men vi held Rollon som betre og gir dei eit knapt favorittstempel.
Ørsta – SIF/Hessa
Topp mot botn på tabellen, men her held vi botnlaget som favorittar. Ørsta hadde ein tøff bortekamp i serieopninga og tapte 3-1, men heime på Aurstad Arena blir dei favorittar mot eit SIF/Hessa som på si side vann 3-0 over Blindheim. Nils Ottar Sandø gjorde to mål i comebacket sitt, men er han med til Ørsta? Sandø eller ei, vi trur Knut Erik Myklebust og co. tek sine tre første poeng.
Blindheim – Norborg/Brattvåg2, sjå eiga sak.