Tapte for KM-vinnaren

Norborg hang lenge med, men måtte til slutt sjå seg slått 0-3 av Spjelkavik2 i torsdagens 5. divisjonskamp. Gjestane tok leiinga på ei kontring like før pause ved Jonas Ottersen og dobla leiinga like etter pause ved Peter Røvreit Frostad. Spjelkavik2 styrte etter dette det meste og punkterte kampen tjue minutt før slutt då Ottersen scora sitt andre. Norborg har framleis alt i eigne hender i botnstriden når ein tek turen til Volda i siste serierunde på torsdag. Les meir..

Motvind på Valdervoll

Norborg vart blåst av bana av eit heiltent heimelag på Valdervoll torsdag kveld. Valder har vist svak form i lengre tid og berre vunnet 1 av dei siste 8 kampane. Torsdag kveld sette dei verkeleg inn støtet mot våre gutar for å forsegle vidare spel i 5. divisjon. Liam Nordstrand Nilsen, Ruben Haram Johnsen og Matteo Grønnevik Langlo sørga for 3-0 før halvtimen var spelt. Eit Norborg-lag som mangla mange spelarar hadde lite å stille opp med og vi fekk nærmast ein reprise av 1. omgang etter pause. Ruben Haram Johnsen scora sitt andre mål før to minutt var spelt av 2. omgang og Daniel Valderhaug Molnes gjorde 5-0 få minutt seinare. Are Molnes fastsette sluttresultatet til 6-0 tjue minutt før slutt. Norborg står no med tre strake tap etter den fine starten på haustsesongen, men ein er framleis på trygg grunn sidan både Emblem og Volda2 tapte sine kampar. Neste kamp er heime mot Spjelkavik2 på torsdag kl. 1830. Spjelkavik2 sikra seg KM-tittelen i 5. divisjon med sin siger over NTNUIÅ. Vi gratulerer!

Tapte for NTNUIÅ

Norborg måtte sjå seg slått 0-3 av studentane i Ålesund. Norborg starta kampen bra og burde ha tatt leiinga ved Tarjei Urkedal då Asgeir Kalvø kom seg rundt på kant og spelte inn til Urkedal, som frå 5 meter avslutta utanfor. Niklas Rekdal hadde også ein god sjanse nokre minutt seinare, men også her gjekk skotet like utanfor mål. Mot slutten av omgangen tok NTNUIÅ meir over og fire minutt på overtid gjorde dei 0-1 på frispark av Herman Johnson. Ein spelar Norborg meinar ikkje burde ha spelt sidan han ikkje har sona for 6 gule kort. 2. omgang starta på verst tenkeleg måte for heimelaget då Sondre Rui Hansen banka inn 0-2 etter corner før to minutt var spelt. Norborg var rysta og NTNUIÅ var nære eit tredje må få minutt seinare, men denne gong stod aluminiummet i vegen. Norborg skapte etter kvart eit par gode sjansar ved Eirik Vågnes og Tarjei Urkedal, men avslutningane gjekk ikkje mellom stolpane. I staden punkterer Glenn Are Elveseter kampen ti minutt før slutt. Norborg har etter ein god periode to strake tap og har igjen rota seg ned i botnstrid. NTNUIÅ passerte Norborg på tabellen med betre målskilnad, medan Emblem ligg poenget bak og Volda2 yttarlegare eitt poeng bak. NTNUIÅ viste seg som eit bra lag, men dei høyre vel meir heime i bedriftfotballen enn hos fotballkretsen..? Får vi sjå Vard, Sparebanken Møre og Høgskulen i Volda med eige lag i framtida?

Heimekamp mot NTNUIÅ torsdag kl. 1830

Norborg spelar torsdag kveld ein særs viktig kamp mot NTNUIÅ. Norborg har tatt 13 poeng på dei 7 siste, men måtte sjå seg slått 4-1 av Blindheim sist veke. NTNUIÅ har berre vunne 1 av sine siste 6, men er likevel ikkje eit dårleg lag. Dei vann 6-1 over Norborg i vår, så her har våre gutar mykje å revansjere. Vél møtt!