Tre deilige poeng mot Ravn

Norborg kjempa seg til tre viktige poeng i lokaloppgjeren mot Ravn på Ravn stadion torsdag kveld. Nikolas Fjørtoft sende heimelaget i føringa etter få minutt, men Norborg tok gradvis over kampen og la press på heimelaget. Dryge kvarteret før pause viste Eirik Vågnes fram sin slepne teknikk og la inn framfor mål. Der hadde Ravn tilsynelatande kontroll, men rota det til og ei klarering traff Nicholas Kvammen sin fot og ballen trilla over streken. Norborg hadde trykket, men sleit med å skape dei store sjansane heilt fram til overtida starta. Då vippa Tarjei Urkedal ballen inn framfor mål der Nikolai Jensen kom stupande fram og heada ballen i nota. 1-2 til pause. Heilt fortent etter dette laga viste fram. Norborg gjekk aggressivt til verks etter pause og eit kvarter ut i omgangen stuper Nikolai Jensen nok ein gong fram og header inn ein corner. Nikolas Fjørtoft, som var Norborg sin toppscorar i 2017, nekta å gi opp og skapte ny spenning med å sette eit frispark i mål tjue minutt ut i omgangen. Ravn var det førande laget etter reduseringa mot eit stadig meir slitent gjestelag. Ei 2-3 sjansar vart skapt, men Norborg haldt unna og kunne til slutt juble. Norborg har hatt god form i det siste og tatt 13 poeng på sine 6 siste kampar. Totalt har det blitt 17 poeng på 15 kampar. Det gir førebels 7. plass på tabellen med fem kampar igjen å spele.
Les meir..

Bortekamp mot Ravn torsdag kl. 1830

Norborg svippa i kveld ein tur innom Ravn stadion i jakt på poeng, og for å komme øvst på Haramstabellen. Ravn står før siste lokaloppgjer med 9 poeng og målskilnad 8-3, Norborg har 6 poeng (8-5), Brattvåg2 0 poeng (2-10). Norborg har Oliver Gamlem og Tobias Flem Hellem ute med karantene, medan Torbjørn Grytten er langtidsskadd. Adrian Andrukiewicz og Ole Martin Fevåg er tilbake frå sist kamp. Sist Norborg spelte A-kamp på Ravn stadion var faktisk heimekampar i 3. divisjon hausten 2009 då ein la kunstgras på Uggedal grus. Det enda med 3-0 over Rollon, 1-1 mot Spjelkavik og 3-1 over Godøy. Tarjei Gjerset Urkedal scora i alle desse tre kampane. Det gjorde han også i sist bortekamp mot Ravn, 3-3 kampen i år 2000. Heilt klart ei lykkebane for unge Urkedal. Norborg kjem frå ein intens kamp mot Emblem der innsatsen var formidabel med ein mann mindre. Same innsats og konsentrasjon i kveld mot eit nervøst Ravn-lag, som har alt å tape i si jakt på spel i 4. divisjon (nivå 5) for første gong sidan 1974, så har vi tru på siger. Finn fram regnjakka og ditt oransje skjerf, og ta turen til Ravn stadion. Forza Norborg!

Heroisk 10-manns Norborg sikra poeng

Det var dramatikk på fleire plan då Norborg og Emblem spelte 0-0 i Uggedalen torsdag kveld. Dramatikken starta like før kampstart då Emblem viste ein e-post frå Sunnmøre fotballkrets at kort frå Bergsøy2 kampane i vår skal bli ståande. Norborg trudde at desse korta skulle strykast og at spelande trenar Niklas Rekdal dermed fekk sitt 5. gule kort i sist kamp mot Sykkylven, ikkje sitt 6. (ein soner for 4 gule kort deretter for kvar andre). Emblem gjorde det klart at dersom Rekdal starta kampen så kom dei til å legge inn protest. Norborg kunne dermed ikkje anna gjere enn å stryke Rekdal frå dommarkortet og han måtte ta plass på tribuna. Dagen etter viste det seg at kretsen hadde feilinformert Emblem og at Rekdal var speleberettiga til kampen. Vi veit ikkje korleis utfallet av kampen hadde blitt med Rekdal på bana, men oddsen for siger med ein av sine beste menn hadde sjølvsagt vore større i det som må reknast å vere ein av haustens viktigaste kampar. Sjølve kampen var jamspelt så lenge laga hadde likt antall spelarar på bana. Like før pause vart Norborg redusert til 10 mann grunna raudt kort. Betre vart det ikkje då vi eit kvarter ut i 2. omgang haurte ein smell og Torbjørn Grytten fall saman med røken akilles. Emblem hadde presset i 2. omgang, men Norborg jobba knallhardt og vann alle duellane i farleg sone. Faktisk var Norborg nær alle poenga då både Oliver Gamlem og Tobias Jensen hadde kvar sin sjanse i sluttminutta i ein kamp som totalt hadde 20 tilleggssminutt. Sette dommar Jan Lund ny personleg tilleggsminuttrekord?
Les meir..