Rekrutteringsdommarkurs 17. september

Tysdag 17. september arrangerer Sunnmøre fotballkrets rekrutteringsdommarkurs for dei som er 20 år eller eldre, med erfaring som spelar, trenar eller anna rolle rundt fotballen. Kurset vert halde digitalt på Teams, men alle deltakarar må ha gjennomfør e-læringsdelen på førehand. Deltakarane kan også rekne med å kome i sving med dømming raskt etter gjennomført kurs. Les meir på krinsen si nettside.

Trykk her for:
Påmelding og meir informasjon om kurset.

Forferdeleg start øydela

Norborg måtte sjå seg slått 1-4 av Sykkylven på Uggedal stadion i kveld. Sykkylven starta forrykande og scora tre mål før tjue minutt var spelt ved Mateo Hovet-Cruz (2) og Marcus Mandal-Bueide. Norborg reduserte tidleg i 2. omgang ved Nicolas Kvammen, men kom aldri nærmare i målprotokollen. I staden auka Ask Støylen til 1-4 på overtid. Les meir..

Norborg best i lokaloppgjeret


Norborg vann 3-0 i bortekampen mot Brattvåg2 etter to mål av Nikolai Jensen og eitt av Niklas Rekdal. Norborg misbrukte eit straffespark tjue minutt ut i kampen, men gjekk likevel til pause med leiing då Jensen sette ballen i nota etter ein dryg halvtime. Etter pause dobla Jensen leiinga då han vann ein duell ved bakre stolpe og pirka ballen i mål. Litt seinare viste Niklas Rekdal fram skotfoten då han banka inn eit frispark frå 25 meter og fastsette resultatet til 0-3. Dermed tre herlege poeng med heim til Uggedalen.
Les meir..

Bergsøy2 trekk seg frå 5. divisjon

Norborg sin kamp mot Bergsøy2 på torsdag er avlyst sidan laget frå Fosnavåg trekk seg frå 5. divisjon. Sidan Norborg tapte serieopninga mot Bergsøy2 så mister vårt lag ingen poeng og avanserer frå 11. til 9. plass på tabellen. Norborg sin første kamp denne hausten blir borte mot Brattvåg2 torsdag 15. august kl. 1830.