Avslutta vårsesongen med siger!

Etter over 2 månader utan siger kunne Norborg igjen få juble for 3 poeng då ein vann 1-0 over Volda2 under strålande speletilhøve i Uggedalen. Sjølve kampen var heller ein 5-0 kamp enn 1-0, men Norborg slit framfor mål, og bomma og bomma. Heller ikkje eit straffespark traff mål. Etter 0-0 ved pause sørga Eirik Koppen Vågnes for mål før to minutt var spelt av 2. omgang. Norborg skapte ikkje so mange sjansar etter kvila som før, men hadde eit par feite tilbod om mål som ein ikkje tok vare på. På overtid fekk Volda2 sin eine sjanse, men frisparket frå 18 meter vart satt utanfor mål. Dermed kunne heimespelarane og tilskodarane puste letta ut. Med desse poenga har ein heng på laga framom på tabellen. Les meir..

Tapte mot Spjelkavik2

Norborg fekk ein grusom start i kveldens borteoppgjer mot tetlaget Spjelkavik2 med to mål imot før det var spelt 8 minutt. Eirik Vågnes reduserte på straffe i det 27. minutt. Starten av 2. omgang var heller ikkje god og ein kom raskt under 3-1. Noko som også vart sluttresultatet sjølv om Norborg hadde sine sjansar, blant anna eit skot i tverra av Andreas Larsen Beite. – Vi gir bort enkle mål i starten av kvar omgang, men var elles fullt på høgde med dei og burde ha fått med oss poeng heim, sa Tarjei Urkedal.

Tapte lokaloppgjeret mot Ravn

Norborg måtte sjå seg slått 2-4 av Ravn i kveldens lokaloppgjer på ei sleip Uggedalsmatte. Ravn fekk ein pangstart på kampen då Teodor Klokset Lilleng sitt innlegg vart omgjort til eit praktfullt skot i fin boge over keeper og ned under tverrliggaren. Eit noko tilfeldig mål, og tilfeldigheite, flaks og uflaks skulle det bli ein del av denne regnfulle kvelden. Like etter at Norborg hadde ei heading i tverrliggaren, auka Nikolas Fjørtoft til 0-2 i det 27. minutt. Målet kom etter litt klabb og babb på ein corner der ballen til slutt havna hos Fjørtoft som enkelt breisida ballen i mål frå kloss hald. Kristoffer Søviknes banka inn redusering like etter då han er vaken frampå ein retur etter eit skot av Eirik Vågnes. Norborg var også nør utlikning, men 1-2 stod seg til pause i ein jamn omgang. Norborg starta best etter pause og hadde ein dobbeltsjanse etter corner, men ti minutt ut i omgangen vart ein redusert til ti mann. Då vart oppgåva for tøff og Nikolas Fjørtoft og Ole Johan Urke auka Ravn si leiing til 1-4. Ådne Hellandsvik pynta på resultatet i sluttsekunda med eit flott skot. Jamnt første 55. minutta og Ravn med kontroll då dei var ein mann meir. Les meir..