Aarsund og Vågnes toppscorarar

Thomas Aarsund og Eirik Vågnes vart toppscorarar for Norborg/Brattvåg2 i årets 4. divisjon med tre mål kvar. David Sissoko vart assistkongen med 3 målgjevande på dei 4 kampane han var med.

Spelar Mål Spelar Assists
Thomas Aarsund 3 David Sissoko 3
Eirik Vågnes 3 Eirik Vågnes 2
Martin Fylling Koch 2 Ådne Hellandsvik 2
Igor Leonov 2 Thomas Aarsund 1
Per Kristian Helle Hildre 2 Per Kristian Søvik 1
Magnus Otterlei 2 Martin Fylling Koch 1
Jeppe Mogensen 1 Tobias Jensen 1
Tor Abelseth 1 Igor Leonov 1
Tobias Jensen 1 Henrik Hurlen 1

Vågnes spelte mest

Eirik Koppen Vågnes fekk mest speletid i 4. divisjon for Norborg/Brattvåg2. Han starta samtlege 11 kampar og fekk totalt 966 minutt av totalt 990. Martin Fylling Koch fekk også speletid i samtlege kampar, men må sjå seg slått av Igor Leonov og Tobias Jensen i total speletid. Totalt fekk 28 spelarar speletid.

SPELAR FRÅ START INNBYTTE MINUTT
1. Eirik Vågnes 11 0 966
2. Igor Leonov 9 1 836
3. Tobias Jensen 9 0 756
4. Martin Fylling Koch 10 1 751
5. Ådne Hellandsvik 7 1 662
6. Tor Abelseth 7 1 647
7. Ulrik Havnsund 7 0 602
8. Thomas Aarsund 7 0 593
9. Sander Arntsen 6 2 575
10. Jesper Vos 5 3 531
11. Ronald Søvik Olsen 5 0 440
12. Magnus Otterlei 4 3 422
13. Kjell Terje Brusdal 4 360
14. Per Kristian Søvik 4 2 316
15. David Sissoko 4 315
16. Henrik Hurlen 3 2 305
17. Anders Toven 2 4 279
18. Nikolai Jensen 3 0 270
19. Stian Fjørtoft Klokk 2 5 254
20. Per Kristian Helle Hildre 2 1 215
21. Fredrik Hurlen 2 1 200
22. Ruben Holmeset 2 1 128
23. Benjamin Sveinsson 1 72
24. Marius Refsnes 1 72
25. Jeppe Mogensen 1 45
26. Peter Nielsen 1 45
27. Torbjørn Grytten 0 1 29
28. Marius Rogne 0 1 13

Tok poenga på bortebane

Norborg-supportarane måtte på bortekamp for å sjå brorparten av sigrane i årets sesong. Heile 7 av 10 poeng kom på bortebane. Forklaringa er såpass enkel som at ein med enkel serie møtte divisjonens beste lag på heimebane, medan ein møtte dei andre botnlaga på bortebane. Unntaket var Langevåg, som ein vann 3-1 over i Uggedalen i serieopninga.

Tabell 4. divisjon med Norborg sine resultat i parentes:
1. Hødd2 (1-4 tap heime i Uggedalen)
2. Herd (1-5 tap heime i Uggedalen)
3. Rollon (0-5 tap heime i Uggedalen)
4. Hovdebygda (3-5 tap heime i Uggedalen)
5. SIF/Hessa (5-0 tap på Siffen)
6. Bergsøy (0-8 tap i Uggedalen)
7. Larsnes/Gursken (2-1 tap på Larsnes)
8. Langevåg (3-1 siger i Uggedalen)
9. Emblem (2-2 på Ebbemyra)
10. Norborg/Brattvåg2
11. Hareid (1-2 siger på Hareidmyrane)
12. Valder (1-4 siger på Valdervoll)

Valder rykker ned – Hareid på vent

Valder må ta den tunge turen ned til 5. divisjon etter å ha tapt 1-3 for Hareid i siste serierunde. Hareid klatra dermed over Valder på betre målskilnad og må vente i spenning på om det blir spel i 4. divisjon komande sesong. Det skjer om krinsmeister Hødd2 slår vinnaren av 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Motstandar blir enten Tomrefjord eller Kristiansund2.

Vi gratulerer Hødd2 som vinnar av 4. divisjon Sunnmøre, samt Ørsta og Blindheim med opprykk frå 5. divisjon.

Tabell 4. divisjon.

Sigeren glapp på overtid

Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-2 (0-0)
4. divisjon, Ebbemyra, 22.10.2021

0-1 Magnus Otterlei (47)
1-1 Marcus Steffensen (51)
1-2 Tobias Jensen (80)
2-2 Alexandru Ionut Barboiu (str. 94)

Utgangspunktet for både Emblem og Norborg/Brattvåg2 var før kamp at eitt poeng var nok til ståplass i 4. divisjon. Det var vel då inga oddsbombe at kampen enda med 2-2 og eitt poeng til begge lag. Ingen av laga ofra alt offensivt og det stod mållaust til pause. Norborg ville nok hakket meir enn heimelaget og skapte mest framfor mål. Det var dermed greit at Magnus Otterlei sende oransjetrøyene i føringa to minutt etter pause. Gleda varte likevel ikkje lenge for Marcus Steffensen utlikna få minutt etter. Norborg tok på nytt føringa på eit dribleshow av dei sjeldne då Tobias Jensen runda 8 mann og sette ballen i nota ti minutt før slutt. Fire minutt på overtid utliknar Alexandru Barboiu på det som Norborg-leiren sa var ei billeg straffe. – Sjølv om vi er glade for poeng og ståplass så er spelarane er litt skuffa etter denne kampen. Vi skaper mest, og har truleg også eit par baller til over streken som det ikkje blir dømd mål på. Surt at det blir utlikning på overtid, men uansett, vi greidde det viktigste, å stå i divisjonen, sa trenar Kristian Søviknes.

Laget: Sander Arntsen – Tobias Jensen (Jesper Vos, 81), Nikolai Jensen, Tor Abelseth, Henrik Hurlen (Ådne Hellandsvik, 58) – Thomas Aarsund, Ulrik Havnsund, Igor Leonov, Martin Koch – Eirik Vågnes (Stian Fjørtoft Klokk, 88), Magnus Otterlei.

Gode sjansar for ståplass trass stortap

Norborg/Brattvåg2 måtte nok ein gong slå seg slått på heimebane med store siffer då Rollon gjesta Uggedalen, men resultata i dei andre kampane i 4. divisjon gjekk rett veg slik at alt er opp til ein sjølve før siste seriekamp borte mot Emblem på fredag. I kampen mot Rollon fekk vi sjå eit heimelag som låg i forsvar stort sett gjennom heile kampen mot eit godt bortelag. Eit par langskot av Daniel Gjerde og Jonas Nordal det første kvarteret ga Rollon 2-målsleiing til pause. I 2. omgang auka Tobias Fjørtoft, Andreas Blindheim og Jon Kristian Røsok leiinga til gjestane. Dermed 0-5, og tre fortente poeng til Rollon.
Les meir..

Tre viktige poeng mot Valder

Valder – Norborg/Brattvåg2 1-4 (0-1)
4. divisjon, Valdervoll KGB, 07.10.2021

0-1 Magnus Otterlei (25)
0-2 Per Kristian Helle Hildre (57)
0-3 Tor Abelseth (64)
0-4 Per Kristian Helle Hildre (69)
1-4 Tobias Nordhus (75)

Norborg/Brattvåg2 tok ein særs viktig bortesiger mot Valder og avanserte til 9. plass på tabellen. Meir kjem.