Volda toppar fair play-tabellen når vårsesongen er gjennomført i 4. divisjon. På dei 11 kampane har dei berre fått 9 gule kort. Det er to mindre enn Norborg/Brattvåg2, som innehar 2. plassen sjølv om ein har fått eitt raudt kort. Sist på denne tabellen finn vi Larsnes/Gursken, som har fått heile 25 gule og 1 raudt kort. Flest raude kort har Bergsøy og Hareid fått med tre kvar.
Monthly Archives: juli 2019
Abelseth og Seth har spelt mest
Tor Abelseth og Magnus Austbø Seth har flest minutt på bana for Norborg/Brattvåg2 i vårsesongen. Totalt har 32 spelarar kome på bana i dei 11 kampane. For dei som er interessert i å vete kor stor andel Brattvåg A-spelarar har blitt nytta så er dette talet 1,65 spelarar i snitt pr. kamp. Patrik Hjelmseth er den som har spelt mest av desse med 398 minutt fordelt på 5 kampar. Neydson Da Silva har 360 minutt på 4 kampar.
Dei 16 mest nytta spelarane:
Best etter pause
G19: Ujamn vårsesong
Brattvåg/Norborg/Harøy har hatt ein ujamn vårsesong og ligg på 5. plass av dei 8 laga i 1. divisjon. Toppscorar på laget er Per Kristian Helle Hildre som har putta 8 av dei 13 måla laget har scora. Vi har fått trenar Marius Fylling Rogne til å oppsummere vårsesongen.
Les meir
4. divisjon: Yngst i 10 av 11 kampar
Norborg/Brattvåg2 har hatt det yngste laget i 10 av 11 kampar. Berre i siste vårkamp mot Hødd2 møtte ein eit yngre lag. Då hadde Hødd2 ein snittalder på 19,94 år, medan Norborg/BIL2 stilte sitt eldste lag for sesongen med 22,86 år i snitt. Den eldste motstanderen til Norborg/BIL2 var Bergsøy med 26,5 i snitt, medan Valder hadde 25,38. Snittalderen for divisjonen er 23,8 år i kampene mot Norborg/BIL2. (Fjorårets 5. divisjon var 24,6). Snittalderen for Norborg/Brattvåg2 er 22,2 i år mot 23,68 år i fjor.
Lag | Snittalder |
---|---|
Hødd2 | 19,94 |
Norborg/BIL2 | 22,20 |
Hareid | 22,91 |
SIF/Hessa | 23,38 |
Ørsta | 23,69 |
Volda | 23,75 |
Rollon | 24,03 |
Blindheim | 24,15 |
Emblem | 24,75 |
Larsnes/Gursken | 24,93 |
Valder | 25,38 |
Bergsøy | 26,50 |
Stilling tabellkonkurranse
Hardt straffa etter sjansesløsing
Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 0-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 01.07.2019
Sjansar: 7-4
Cornere: 5-6
Avslutningar på mål: 5-4
Avslutningar utanfor: 9-4
Blokkerte avslutningar: 3-6
0-1 Håkon Brautaset (str. 51)
Norborg/Brattvåg2 måtte tåle sitt første heimetap sidan samarbeidet starta framfor fjorårssesongen. Avgjersla fall på eit straffespark like etter sidebytte. Straffa var Hødd2 sin første skikkelege målsjanse. Norborg/BIL2 på si side hadde svidd tre store før pause. Etter målet fekk vi ein opnare kamp med sjansar begge veger, men to gode målvakter hindra fleire mål.
Les meir..