Norborg-keeper Ronald Olsen har inntatt teten i vår tabellkonkurranse for 4. divisjon når alle laga har spelt tre kampar. Her er som vanleg topp 10 av dei 45 deltakarane:
Monthly Archives: mai 2019
4. divisjon runde 4
Tre kampar vart spelt torsdag kveld og det vart målrike kampar. Volda banka nabo Ørsta heile 5-0 framfor 1000 tilskodarar og held fram på toppen av tabellen. Bergsøy vann med same siffer over Blindheim og held følge med Volda, medan kveldens overrasking kom på Gursken River Plate der gjestane Emblem vann heile 5-2 over Larsnes/Gursken. L/G har då tapt alle sine fire kampar og fått ein uventa tøff start på sesongen etter at dei signerte fleire sterke namn like før seriestart.
I går spelte Hareid og Rollon 0-0, Hødd2 vann 4-2 over SIF/Hessa, og som dei fleste kjenner til så vart det 1-1 i Uggedalen mellom Norborg/BIL2 og Valder.
Tabell
Neydson redda poenget mot Valder
Norborg/Brattvåg2 – Valder 1-1 (1-1)
4. divisjon, Uggedal stadion, 15.05.2019
Sjansar: 7-11
1-0 Ådne Hellandsvik (20)
1-1 Jonathan Mulelid (45)
Heimelaget kan seie seg mest nøgd med poengdeling i toppoppgjeret mot Valder og kan takke sin dyktige keeper Neydson Da Silva for at det berre vart eitt baklengs. Spesielt lynraske Andreas Kvam skapte store problem for Norborg på sin høgrekant og stod bak det meste Valder skapte. Norborg kjempa hardt og tok også leiinga på eit flott skot av Ådne Hellandsvik, som spelte sin første kamp etter opphaldet i USA. Jonathan Mulelid utlikna på overtid i ein underhaldande og open 1. omgang. I ein meir rotete 2. omgang skapte Valder dei fleste sjansane, men Norborg haldt unna og har stadig til gode å sleppe inn mål etter pause i år. Norborg har også til gode å tape ein heimekamp sidan 29. september 2017. På biletet ser vi Neydson på veg til å gjere ei av sine mange redningar.
Les meir..
Heimekamp mot Valder onsdag kl. 1830
Norborg/Brattvåg2 tek imot Valder til årets første graskamp i Uggedalen. Begge lag har fått ein bra start på sesongen og ligg på delt 2. og 4. plass. Det er dermed klart for eit nytt toppoppgjer for Norborg, som gjekk på eit bittert tap for Bergsøy sist veke. Valder på si side snudde 0-1 til siger over Larsnes/Gursken og har poenget meir enn dei oransje.
Norborg får tilbake Benjamin Rørhus, Ronald Olsen, Vidar Nilsen Rogne, Ådne Hellandsvik og Ole Johan Urke i troppen frå sist, men har usikre kort i Per Kristian Helle Hildre, Per Kristian Grytten Søvik, Siver Davik, Jesper Vos, Ruben Holmeset og Gard Rogne.
Valder har tradisjonelt vore ein gjengangar på øvste krinsnivå, men måtte ta seg ein tur ned å spele i 5. divisjon 2017. Etter å ha sikra seg KM-tittelen der kom ein på 8. plass i 4. divisjon i fjor. I vinter har laget henta heim ein del spelarar og bør sikte seg inn blant topp 4.
Det tok 33 år før Norborg fekk møte Valder i seriekamp. Det var i 2001, og sidan den gong har laga møttest jamleg. Dette blir det 19. møtet mellom laga og poenga har blitt delt broderleg med 25 poeng kvar (7-4-7). Som regel vinn heimelaget. Det håper vi skjer denne gong også.
Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Kim Svensson (Aksla) og Ole Petter Stenberg (Sunnylven)
Andre kampar:
Hareid – Rollon (onsdag) B
Hødd2 – SIF/Hessa H
Larsnes/Gursken – Emblem (torsdag) H
Volda – Ørsta H
Bergsøy – Blindheim H
Stilling tabellkonkurranse
Seth ballen i mål
Magnus Austbø Seth var på rett plass til rett tid å sette inn Norborg/Brattvåg2 sitt mål mot Bergsøy. Han har med det scora i 12 strake seriekampar. Ikkje sidan 6-0 sigeren over Sæbø 23. august i fjor har han gått mållaus av bana i ein seriekamp. På desse 12 kampane har det blitt heile 28 mål.
Magnus Austbø Seth
Født: 07.11.1999
Frå: Brattvåg
A-lagsdebut: 02.03.2016 mot Valder
Første A-lagsmål: 02.04.2016 mot Vigra
Første seriemål: 13.05.2016 mot Skarbøvik
Kampar og mål for Norborg og Norborg/Brattvåg2:
2016: 24 kampar / 9 mål [20 seriekampar / 7 mål] [4 treningskampar / 2 mål]
2017: 29 kampar / 21 mål [16 seriekampar / 6 mål] [13 treningskampar / 15 mål]
2018: 32 kampar / 37 mål [21 seriekampar / 31 mål] [11 treningskampar / 6 mål]
2019: 14 kampar / 22 mål [3 seriekampar / 4 mål] [11 treningskampar / 18 mål]
Totalt: 99 kampar / 89 mål [60 seriekampar / 48 mål] [39 treningskampar / 41 mål]
Sluttspurt for Norborg Fleirbrukshall
Det manglar i underkant av 100.000,- av dei 15 millionane i lokalfinansieringen av Norborg Fleirbukshall. Ver med å støtt finansieringa på spleis.no.
Bittert tap i toppkampen!
Bergsøy – Norborg/Brattvåg2 2-1 (2-0)
4. divisjon, Havila Stadion Fosnavåg, 10.05.2019
Sjansar: 7-6
Avslutningar på mål: 5-5
Avslutningar utanfor: 6-6
Blokkerte avslutningar: 0-3
Cornere: 3-3
1-0 Daniel Kvalsvik (26)
2-0 Sjølvmål (30)
2-1 Magnus Austbø Seth (56)
Laga hadde kvar sin omgang på flotte Havila stadion i Fosnavåg. Bergsøy leia fortent til pause, medan Norborg kom sterkt etter kvila og føler seg snytt for poeng etter at Patrik Hjelmseth sette ballen i nota til det alle trudde var 2-2, for så å bli avvinka for offside. Endå meir fortviling vart det då same mann vart vist sitt andre gule kort og dermed raudt for sin spontanreaksjon då han skjønte målet vart annullert. Norborg var nær utlikning i sluttminutta, men måtte gå av bana med tap for første gong sidan mai 2018.
I dag reiser vi skuffa heim over at vi ikkje får med oss noko ut av denne kampen, men samstundes nøgd med måten vi gjennomfører store deler av kampen. Vi trykker Bergsøy gjennom heile 2. omgang, sjølv med ein mann mindre så er vi det beste laget på bana. Vi får ta med oss opplevinga heim og fortsette jakta på poeng neste uke, sa trenar Kristian Søviknes.
Les meir..
Bortekamp mot Bergsøy på fredag
Nummer 1 og 2 på tabellen etter 2. serierunde møtest på Havila Stadion i Fosnavåg fredag kl. 19. Norborg/Brattvåg2 står som einaste lag med full pott i 4. divisjon. Det gir sjølvtillit inn mot den antatte opprykksfavoritten.
Norborg får tilbake Anders Toven frå skade og Ruben Holmeset frå sjukdom, men må fortsatt klare seg utan dødballspesialist Ole Johan Urke og målvaktene Benjamin Rørhus og Sander Arntsen. Då er det godt å ha Brattvåg sin gode Neydson Da Silva i bakhand.
Bergsøy vart nok tatt litt på senga av Hareid i serieopninga, men redda poenget etter å ha kome under både 0-2 og 2-3. I sist kamp mot Larsnes/Gursken løfta laget seg og vann 0-2. Eit sjølvmål og ei scoring av den tidlegare L/G spelaren Thomas Sætre Hauge sørga trepoengeren. Hareid viste at det er mogeleg å ta poeng frå Bergsøy, men når ein møter spelarar som Franjo Tepuric og Magnus Myklebust så må konsentrasjonen vere på topp gjennom samtlege minutt. Den tidlegare Hødd, Lillestrøm, Odd og Kongsvinger spelaren Myklebust har for øvreg møtt Norborg før. Det var i 2001 då han spelte for Gursken i 5. divisjon. Norborg vann for øvreg 4-0 heime og 4-1 borte.
Dommar: Martin Javier Solheim (Spjelkavik)
Assistentar: Henning Skjeret (Volda) og Per-Inia Brekke (Hareid)
Tidlegare møter:
Norborg har ingen god statistikk mot Bergsøy. På 10 kampar har Bergsøy vunne 9 og Norborg 1. Målskilnad 45-17 i favør Bergsøy. Norborg sin siger kom i 2008 då ein vann 2-0 i Uggedalen etter mål av Tarjei Gjerset Urkedal og Morten Kalvø.
4. divisjon: Valder snudde mot Gulars
To kampar i 4. divisjon vart spelt torsdag kveld. Larsnes/Gursken tok leiinga ved Robert Auflem Vik borte mot Valder, men heimelaget kom sterkt tilbake etter pause og snudde kampen til 2-1 etter mål av Jonathan Mulelid og Peter Eikås Larsen. Dermed tok Valder tabelltoppen, medan Larsnes/Gursken stadig ventar på sitt første poeng. Det må seiast at dei har hatt tre veldig tøffe kampar.
Emblem fekk avlyst sin kamp mot Hødd2 sist veke (ny dato for den kampen er måndag 20. mai) og eit spelesugent Emblem tok årets første siger då dei vann 1-0 heime mot Hareid etter mål av Damian Alin-Constantin. Hareid gjekk dermed på sitt første tap etter å ha starta med to uavgjorte. Vi legg elles merke til at den tidlegare Norborg-spelaren Marius Finstad Austnes har meldt overgong til Emblem og starta kampen.
Resten av runda spelast fredag:
Blindheim – Ørsta B
SIF/Hessa – Volda B
Rollon – Hødd2 H