Nyheiter

Thomas Gjerde ny Norborg-trenar

Thomas Gjerde skreiv sist veke under kontrakta som gjer han til Norborg sin A-lagstrenar for 2026. Gjerde er frå Lepsøy, men er busett på Harøy. Gjerde er ikkje ukjent i Norborg-miljøet då han var trenar for G19 og G16 i 2015. Vi ønsker Thomas velkomen tilbake og lykke til.

Urkedal toppscorar!

Tarjei Gjerset Urkedal vart Norborg sin toppscorar i år med 5 mål. Dette er femte gong Urkedal blir Norborg sin toppscorar, men første gong sidan 2010! Urkedal har 149 seriemål og totalt 246 mål på 625 kampar. Kristoffer Søviknes, Niklas Rekdal og Ruben Holmeset enda på 4 mål kvar. Lars Alvestad Mikalsen enda som “Assistkonge” med 4 målgjevande. Eitt meir enn Kristoffer Søviknes og Niklas Rekdal. Fullstendig liste finn du her. Fredrik Endré Rogne gjorde i haust comeback etter 8 år på sidelinja, og enda opp som Norborg sin mest effektive spelar etter 2 mål på 103 minutt. Ronald Søvik Olsen spelte flest minutt med 1366. Dette var ein halvtime meir enn Anders Toven. Fullstendig oversikt over spelte minutt og effektivitet finn du her.

Tapte siste kamp

Norborg opna friskt i onsdagens kamp mot Guard, men måtte til slutt sjå seg slått 1-3. Ole Johan Urke gjorde sitt 110. A-lagsmål for Norborg då han skrudde inn eit frispark frå 40 meter seks minutt ut i kampen. Glenn Elveseter trivdes på Uggedal KGB i fjor som NTNUIÅ-spelar, og fann nettmaskene også no som Guard-spelar, då han på overtid i 1. omgang utnytta passivt spel av heimelaget og sette ballen sikkert i nota. Like etter pause gav han Guard leiinga, medan Kristian Muriaas fastsette sluttresultatet til 1-3 med sitt første touch på ballen. Les meir..

Tapte for Spjelkavik3

Norborg måtte onsdag kveld sjå seg slått 4-2 i bortekampen mot botnlaget Spjelkavik3. Etter ein mållaus 1. omgang scora Marco Jønsson to kjappe for heimelaget før Fredrik Endré Rogne reduserte for Norborg. Håpet om poeng forsvann raskt då heimelaget på ny scora to mål på fem minutt. Rogne, som ikkje har spelt ein A-kamp sidan oktober 2017, reduserte på nytt ti minutt før slutt, men nokon spenning mot slutten fekk vi diverre ikkje sjå i Ole Johan Urke sin A-kamp nummer 400 for Norborg. Les meir..

Storsiger over Skodje

Norborg vann i kveld heile 5-1 over Skodje og påførte dei gule sitt første tap på over tre månadar. Norborg kom godt i gong og leia 2-0 før ti minutt var spelt. Kristoffer Søviknes scora etter corner av Niklas Rekdal, medan Marius Flem Stavik utnytta ein retur frå keeper. Eben Jensen skapte ny spenning i kampen då han banka inn eit frispark halvvegs ut i omgangen. Spenninga varte likevel ikkje lenge. Få minutt seinare banka bursdagsguten Anders Toven inn 3-1 etter å ha blitt spelt fri av Kristoffer Søviknes. Dryge fem minutt før pause vart Jonas Holmeset spelt fri av Tarjei Urkedal og sette sikkert inn 4-1. Knappe kvarteret etter pause var rollene bytta om då Holmeset og Urkedal kom åleine mot keeper. Denne gong spelte Holmeset ballen til Urkedal som sette ballen i nota til 5-1. Norborg hadde store sjansar til å auke leiinga, men måtte nøye seg med 5-1. Les meir..

Ravn/Norborg G13 vann Hessa Cup

Ravn/Norborg sitt Gutar 13-årslag vann årets Hessa Cup etter siger over Guard/Rollon i finalen. Kampen var jamn og spennande og etter 0-0 måtte det straffekonkurranse til for å skilje laga. Der var Ravn/Norborg sterkast og vann 4-2. Vi gratulerer! Les meir..

Storsiger over Spjelkavik3

Norborg slo tilbake etter det sure overtidstapet mot Skodje sist og banka Spjelkavik3 heile 4-0 på Uggedal stadion onsdag kveld. Nicholas Kvammen var “on fire” frå start av og sørga for 1-0 før to minutt var spelt og 2-0 før kvarteret. Jonas Holmeset ville ikkje vere noko dårlegare og putta ein gong før kvila og ein gong etter. Les meir..

Sponsorar:

Hendelser i januar 2026

mandag tirsdag onsdag torsdag fredag lørdag søndag
29. desember 2025
30. desember 2025
31. desember 2025
1. januar 2026
2. januar 2026
3. januar 2026
4. januar 2026
5. januar 2026
6. januar 2026
7. januar 2026
8. januar 2026
9. januar 2026
10. januar 2026
11. januar 2026
12. januar 2026
13. januar 2026
14. januar 2026
15. januar 2026
16. januar 2026
17. januar 2026
18. januar 2026
19. januar 2026
20. januar 2026
21. januar 2026
22. januar 2026
23. januar 2026
24. januar 2026
25. januar 2026
26. januar 2026
27. januar 2026
28. januar 2026
29. januar 2026
30. januar 2026
31. januar 2026
1. februar 2026