onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Nyheiter

Søvikvarden

Høgste punkt: ca. 375 m.o.h. 
Startsted: Søvik 
Tid: 30 min
Parkering: Vetegarasja 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted:Gamlemshaugen
Tid: 30-40 min
Kan kombineres med:Gamlemsveten, Hagefjellet, Olausdalen, Reinhausen

Lettaste tilkomst til Søvikvarden er å starte ved vetegarasja. Ein følger då vetevegen opp til rasteplassen (ca. 25-30 min ved normal gange). Ta så av til venstre og følg råsa i nokren minutt til du treff på Norborg si postkasse. I staden for å gå tilbake same veg så kan ein fortsette nedover til pensjonistvegen. Det blir då ei fin runde som tek ca. 1 time ved normal gange.

Søvikvarden sett frå "pensjonistvegen".

Dersom ein startar ved vetegarasja har ein to valg. Ein kan ta til venstre å gå pensjonistvegen eller fortsette på vetevegen. I det siste tilfellet så går ein opp til rasteplassen og tek ned til venstre. Ved normal gange tek det ca. 25-30 minutt opp til rasteplassen og vidare nokre få minutt ned til Norborg si postkasse.

Postkassa står plassert bak ein stor stein.

Ein kan også gå opp ved Niklaelva frå pensjonistvegen. Terrenget kan då vere noko fuktig i begynnelsen. 

 

 

Olausdalen

Høgste punkt: 
Startsted: Søvik 
Tid: 30 min
Parkering: Gamlem 
Bokregistrering: Nei
Alternativt startsted: Søvika
Tid: -
Kan kombineres med:Gamlemsveten, Hagefjellet, Søvikvarden og Reinhausen

Terreng: Rås gjennom lyng og myr. Særs fuktig etter ein regnversdag eller to. Lett stigning i starten. Brattare etter kvart.

Olausdalen strekker seg opp mot Gamlemsveten langs Gamlemselva.

Nedre del av Olausdalen ned mot Gamlemslia. 



 

Hagefjellet

Høgste punkt: 254 m.o.h. 
Startsted: Søvik 
Tid: 30 min
Parkering: Vetegarasja
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik (ovanfor Spar) og Gamlem
Tid: -
Kan kombineres med: Søvikvarden, Olausdalen, Reinhausen, Gamlemsveten

Hagefjellet ligg ovanfor Søvik og lettaste tilkomst er om du startar ved vetegarasja. Etter 3-4 minutts gange tek du av til venstre og følger "pensjonistvegen" til endes. Vegen har lettare stignig og egnar seg godt til jogging. Etter 15-20 minutt er det ei kort stigning opp mot Norborg si postkasse. Her får du fin utsikt over Søvik og Terøy. 

Hagefjellet ligg rett ovanfor verftet i Søvika.


Startar ein ved vetegarasja har ein gode parkeringstilhøve.

Etter nokre minutts gange kjem ein til eit kryss. Ta til venstre.

Fin veg i slakk motbakke. Vegen blir populært kalla "pensjonisten".

På toppen av den flotte grusvegen er det bokregistrering og rasteplass.

Grusvegen tek slutt og ein går over på ein traktorveg dei neste 5-600m. Ved enden av den tek ein opp til høgre mot Hagefjellet. Fin og normalt tørr rås. Det tek ca. 5 minutt å gå opp stigninga. Totalt tek det ca. 25-30 i normal gange frå vetegarasja.

Norborg sin post på Hagefjellet.

Flott utsikt over Søvika frå toppen.

  

   

Litlehornet

Høgste punkt: 464 m.o.h. 
Startsted: Engeset 
Tid: 45 min
Parkering: ET Hydraulikk 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik (fotballbana)
Tid: 50 min
Kan kombineres med:Skålbotsheia, Breiskarvatnet og Tverrbotshornet. Uførefjellet. 

Terreng:
Frå Engeset er det fin rås opp til toppen. Jamn bratt stigning heile vegen. Fin utsikt mot Spjelkavik, Valderøyfjorden og Vigrafjorden. Startar ein ved fotballbana i Søvika er ikkje stigninga så bratt. Litt stigning fram mot Engesetskaret. Jamn bratt stigning opp frå Engesetskaret.

Den beste og finaste turen til Litlehornet får ein ved å starte i Hamnsundet. Ein går då opp Uførefjellet, fortsetter ned mot Langemyra, opp Klimpane og over Uggedalshornet fram til Litlehornet. Fin rås heile vegen, men litt fuktig over Langemyra. Frå trappa i Hamnsundet  så vil ein med jamn gange bruke ca. 1 time fram til Litlehornet.

Litlehornet sett frå Uggedalshornet


På Litlehornet er det postkasse med registreringsbok. Uggedalshornet til høgre og Nes til venstre.


Raskaste rute markert med raud linje. Andre stier markert med raude prikkar.


Litlehornet sett frå nordaust.


Går ein til Litlehornet frå Uførefjellet så må ein over Langemyra. Følger ein Norborg si løype så kjem ein seg stort sett tørrskodd over sjølv med joggesko. Ein følger så ryggen opp mot Uggedalshornet.


Turen går slakt oppover frå Langemyra til Uggedalshornet.


Inga registreringsbok på Uggedalshornet, men nokon har sett opp ei lita markering. I bakgrunnen ser vi Tverrfjellet.


 

Skulstadhornet

Høgste punkt: 477 m.o.h. 
Startsted: Gjerset 
Tid: 1 time ein veg
Parkering: Ved start / langs gamlevegen / forsamlingshuset
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Skulstad, Brattvåg 
Tid: 1 time
Kan kombineres med: Gjersetvatnet, Høgstølen, Urkedalsvatnet

Terreng:
Fin grusveg opp frå Gjerset. Ta til høgre på toppen av vegen. Er merka med skilt. Stigning opp til Fjellenden. Moderat stigning fram til Skulstadhornet. Fin rås store delar av turen til toppen. Råsa forsvinn eit lite stykke over ei slette, men hald då venstre.

Skulstadhornet (litt til venstre i biletet) sett i frå Fjellenden.

Frå startstedet på Gjerset har ein fleire postar å gå til. Det er plass til ei 2-3 bilar ved startsted. Er det fullt må ein spør bonden om lov om å få parkere på marka på nedsida av vegen. Det er også mogeleg å parkere 3-400 meter lenger vest eller ved forsamlingshuset 700 meter lenger vest.

Etter ca. eit kvarters gange langs grusveg i lett stigning følge ein skiltet til høgre.

Litt stigning i starten før ein kjem opp på Fjellenden. Då går det opp og ned over små toppar før ein når Skulstadhornet. Råsa er stort sett fin og tydeleg.

Norborg sin post på Skulstadhornet.

Fjellrekka sett frå Hesten.


   

Bjørnøyfjellet

Høgste punkt: 124 m.o.h.
Startsted: Røysane
Tid: 10-15 min
Parkering: Lita lomme ned mot Sperre
Poeng på klippekort: -
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: -
Tid: -
Kan kombineres med: -


Terreng:
Bjørnøyfjellet er den lågaste toppen Norborg har post på. Turen er ekstra fin om ein nyttar sykkelen til enden av øya og går opp frå Røysane. Turen opp til toppen passer naturglade folk i alle aldre. Terrenget er i slakk stigning i fin sti. Med normal gange vil ein bruke 10-15 minutt til toppen. Sjølv om fjellet berre er 124 meter har ein flott utsikt mot Skjeltene og Lepsøy i nord, Vigra og Valderøya i vest, Ålesund og nordsida av Ellingsøya i sør og Terøya og Søvikneset i vest.

Bjørnøya:



Stien tek til i svingen mot enden av vegen mot Sperre Sveis.


Starten er merka med skilt.


På toppen finn ein Norborg si postkasse med bok.

 

Terøytoppen

Høgste punkt: 147 m.o.h. 
Startsted: Terøy 
Tid: 15 min
Parkering: 
Bokregistrering: -

Terreng:
-



   

Grytavatnet

Høgste punkt: 251 m.o.h. 
Startsted: Øvre-Gryta 
Tid: ca. 20-30 min til post nr. 1. Ca. 1 time til post nr. 2.
Parkering: Privat grunn -spør om lov (Gartneria)
Bokregistrering: Ja, ved den første posten. Ikkje ved post nr. 2
Alternativt startsted: Hildre
Tid: 1 - 1,5 time
Kan kombineres med: Hildrehesten - sør, Tverrbotshornet, Storehornet, Brendenakken.

Terreng:
Bra skogsveg fram til post nr. 1. Fuktig rås fram til post nr. 2 som er mot Litle Grytavatnet.

Grytavatnet sett frå nord.

 
Parkering på Øvre-Gryta ved gartneria. Dette er privat grunn. Spør derfor om lov.


Skilting nede ved gamlevegen på Gryta.

 
Starten er frå eit gardstun.


Norborg sin1. post er til venstre når ein kjem fram til vatnet.

Til post nr. 2 så fortsetter ein langs vatnet på ytste sida.


Etter ein halvtimes gange fra 1. post, kjem ein fram til post nr. 2 som er mot Litle Grytavatnet.
 
Grytavatnet sett frå Hesten.

 
Grytadalen møter Hildredalen. Grytavatnet, Litle Grytavatnet, Tredjevatnet og Hildrevatnet. Kniven er fjellet ned mellom Litle Grytavatnet og Tredjevatnet. Gamlemsveten i bakgrunnen.





 

 

Gjersetvatnet

Høgste punkt: 148 m.o.h. (Postkassa er 189 m.o.h.)
Startsted: Gjerset 
Tid: 15-20 min (ein veg)
Parkering: Ved start / langs gamlevegen / forsamlingshuset
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Brattvåg
Tid: ca. 1 time til posten 
Kan kombineres med: Høgstølen, Kjerringane, Urkedalsvatnet, Hesten, Skulstadhornet

Terreng:
Fin grusveg frå Gjerset. Jamn stigning det første kvarteret. Ta gjerne med sykkel. Mogeleg å sykle over til Brattvåg.
 
Gjersetvatnet sett frå demninga i nord.

Fin grusveg frå Gjerset. 


Ved vegen opp til Gjersetdalen er det berre plass til 2-3 bilar. Men 3-400 meter lenger vest er det laga til parkeringsplassar. Det er også mogeleg parkere ved forsamlingshuset 700 m lenger vest.

 
Synet som møter deg over bakketoppen. Norborg sin post er ved skogholtet.

 
Norborg sin post.

 
 
 
   

Fjellturar

Fjellturar

Rundt om i fjellområda våre har Norborg si trimgruppe plassert utover 22 fjellposter. På desse postane kan du sanke poeng til Norborg sitt fjelltrimmerke.

Kvar einskild post gjev poeng frå 1-5 utifrå turlengde. Ved å samle poengsum på 36 eller meir er ein kvalifisert til dette merket. Barnefamilier treng berre 26 poeng.

Startkort og kart får du hjå Spar i Søvik eller hos medlemmar i trimgruppa.

Kart (dei brunraude prikkalinjene på kartet er råser)

Fjellpostar: (trykk på kvar post for utfyllande info)

  1. Gjersetvatnet
  2. Grytavatnet (OBS. 2 postar)
  3. Terøytoppen
  4. Bjørnøya
  5. Skulstadhornet
  6. Litlehornet
  7. Hagefjellet
  8. Olausdalen - Denne er no erstatta med Kvarven.
  9. Søvikvarden
  10. Grytavatnet (OBS. 2 postar)
  11. Søvikvatnet
  12. Uføret
  13. Kjerringane
  14. Brendenakken
  15. Høgstølen
  16. Urkedalsvatnet
  17. Breiskarvatnet
  18. Tverrbotshornet
  19. Gamlemsveten
  20. Storehornet
  21. Reinhausen
  22. Hesten - sør

Dei fleste turane i Søvikområdet når ein lettast ved å starte ved vetegarasja. Her er det fin parkeringsplass.

For dei som ikkje er kjent i området så må ein opp i bygda og vidare framover dalen for å finne vetegarasja. Kjem ein i frå Grytastranda så tek ein av i krysset ved Vikestrand og Søvik og tek opp ved tredje avstikkar og følge denne til endes. Kjem ein i frå Hildre så tek ein opp til "sentrum" og fortsette ei 150 meter etter forsamlingshuset før ein tek opp til venstre.

På Grytastranda så er Gjerset utgangspunktet for mange av turane. Ein tek då av frå hovudvegen og opp på gamlevegen endten ved Krogset (ca. 2 km frå krysset på Slyngstad) eller ved krysset i Urkedalen (ca. 4 km frå krysset på Slyngstad). Grusvegen opp til Gjersetdalen er godt synleg.

På Gjerset er det smått med parkering ved vegen opp til Gjersetdalen (2-3 bilar). Men, nokre hundre meter lenger vest er det plassar å parkere langs vegen. Forsamlingshuset 700 meter frå vegen til Gjersetdalen er også ei mogelegheit.

Grei parkering ca. 400 meter vest for vegen opp til Gjersetdalen.

 

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann