fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Nyheiter

Reinhausen

Høgste punkt: 537 m.o.h. 
Startsted: Søvik 
Tid: 1-1,5 time
Parkering: Vetegarasja el. grasbana 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Gamlem
Tid: 1 time
Kan kombineres med: Gamlemsveten, Olausdalen, Søvikvarden, Tverrbotshornet, Søvikvatnet

Terreng:
Start ved vetegarasja. Følg vegen oppover i ca. 40 minutt. Ta så til venstre (der er skilt) før «styggebakken». Terrenget går då gjennom lyng og stein fram til Norborg sin post ved Reinhausen.

Reinhausen sett frå Søvikvarden.

 

God parkeringstilhøve ved vetegarasja.

Ein følger vetevegen i ca. 30-35 minutt. Like før "styggebakken" er det markert med skilt til Reinhausen.

Når ein går av vegen er det flatt terreng i lyng. Råsa kan til tider vere lite tydeleg. Reinhausen er lengst bort til venstre i biletet.

Etter ca. 15 minutts gange frå vegen når ein fram til Reinhausen der Norborg si postkasse er.

 

 

 

 

Storhornet

Høgste punkt: 584 m.o.h. 
Startsted: Engeset 
Tid: ca. 1 time
Parkering: ET Hydraulikk 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvik, Gryta 
Tid: ca. 1-2 timer
Kan kombinerast med: Litlehornet, Breiskarvatnet, Tverrbotshornet

Storhornet er sjølve høvdingen av dei tre "horna" vest for Grytadalen med sine 584 meter over havet. Her får ein flott utsikt mot vest, aust og sør. Bak Storhornet ligg Skålbotsheia som faktisk ragar ei 30 meter over Storehornet. Ein tur til Storehornet passar også fint vinterstid når ein går opp frå Grytadalen. Dei fleste som tek turen til Storhornet startar på Engeset. Her er dei ei fin rås opp frå Myrane med jamn bratt stigning heile vegen. Dei best trente brukar rundt ein halvtime, medan vanlege mosjonistar kan rekne med rundt timen.

Bur du i Søvika så er det også lett å kome seg til Storhornet. Den raskaste vegen går frå fotballbana, over skytebana og opp mot Engesetskaret. I Engesetskaret kan det vere noko fuktig å gå. Ein kan også følge vetevegen, ta av mot Tverrbotshornet/Breiskarryggen, gå ned mot Breiskarvatnet, over Skålbotsheia og til Storhornet. Turen til toppen vil då ta nærare 1,5 time, men anbefalast på det sterkaste. Heimattvegen tek ein gjennom Engesetskaret og ned mot fotballbana. 

Storhornet sett frå Skålbotsheia.


Norborg si postkasse på Storhornet


Går ein opp i frå Engeset så vil ein i Engesetskaret ha valet om å gå på Litlehornet eller Storhornet.




Anbefalt tur (tid 3-5 timer)


I Øvre Breiskarryggen tek ein valet om ein vil gå til Tverrbotshornet eller Breiskarvatnet og Storhornet.


Breiskarvatnet sett frå Skålbotsheia


Engesetskaret
 

Gamlemsveten


Høgste punkt: 791 m.o.h. 
Startsted: Søvik 
Tid: ca. 1 time
Parkering: Vetegarasja el. ved fotballbana 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Hurla
Tid: ?
Kan kombineres med:Søvikvarden, Olausdalen og Reinhausen

Terreng:
Frå Søvika er det fin grusveg heilt opp til toppen. Jamn stigning heile vegen. Frå Gamlemsveten har du ei perfekt utsikt til Midsund, Nordøyane og sør-vest mot Valderøyfjorden og Ålesund. Sunnmøres fremste panoramautsikt?



Norborg sin post er ved det gamle skuret til venstre.

Utsikt mot Midsund i Nord-aust.

Utsikt nedover Olausdalen mot Terøy og Bjørnøy på veg mot toppen.

 

Gode parkeringstilhøve ved vetegarasja.


   

Tverrbotshornet

Høgste punkt: 749 m.o.h. 
Startsted: Søvik 
Tid: 1-2 timer
Parkering: Vetegarasja el. ved fotballbana 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted:Hildre, Engeset, Gryta 
Tid: 2-3 timer
Kan kombineres med:Breiskarvatnet, Søvikvatnet, Skålbotsheia og Litlehornet, el. Grytavatnet, Skålbotsheia og Breiskarvatnet

Tverrbotshornet er ei av dei mest "eksotiske" utfluktene ein kan ha i Norborg-land og er vel verdt eit besøk. Den lettaste vegen opp er om ein startar ved vetegarasjen og følger veteveien i 20-30 minutt. Ein kjem då til eit skilt merka Tverrbotshornet. Råsa er tydeleg i starten, men kan enkelte plassar vere lite synbar. Den går gjennom lyng og myr og vi anbefalar vanntette sko på denne turen. Når ein når foten av fjellet blir det ei bratt stigning. Først gjennom lyng så gjennom steinur opp mot toppen. Normale mosjonistar brukar ca. ein time frå parkeringa til toppen. På toppen har ein strålande utsikt i alle retningar.

Fin parkeringsplass ved vetegarasja. 


Tverrbotshornet sett frå veteveien.


Etter ca. 25 minutts gange langs veteveien tek ein av mot høgre. Dette er tydeleg merka med skilt.



Terrenget dei neste ti minutta går i lett terreng før ein startar på stigninga.


På toppen kjem ein til ein varde der Norborg si postkasse er.


På toppen er det ei flat lita vidde.


Når ein går ned igjen har ein flott utsikt mot sørvest.



 

Breiskarvatnet

Høgste punkt: 429 m.o.h. 
Startsted: Søvika (vetegarasja)
Tid: 1 time
Parkering: Vetegarasja
Bokregistrering: Nei
Alternativt startsted: Søvik (fotballbana) / Engeset
Tid: 45 min
Kan kombineres med: Tverrbotshornet, Storehornet, Litlehornet

Terreng:
Frå Engeset: Fin rås opp frå Engeset "sentrum". Jamn stigning opp til Engesetskaret, deretter flater det ut. Stigning opp mot vatnet.

Frå Søvik: Start ved skytebana og følg Breiskarselva opp til vatnet. Ei lengre rute er å gå vetevegen og ta av mot Tverrbotshornet. Når ein kjem til Øvre Breiskarrygg tek ein til høgre. Etter ei lita stigning går ein nedover mot vatnet. Råsa er vanskeleg å sjå, om der er ei? Nedgong i lyng og stein. Pass på skjulte groper.

Breiskarvatnet var fram til 1960-åra eit godt fiskevatn, men så sette diverre så sette nokon det lille vatnet fullt med garn, og det har sidan vore tomt.

Norborg sin post ved Breiskarvatnet er i sørvest.


Breiskarvatnet sett frå Skålbotsheia.


Startar ein ved vetegarasja så følger ein vetevegen i ca. 20-25 minutt. Det er då skilta til Breiskarvatnet.

   

Urkedalsvatnet

Høgste punkt: 273 m.o.h. 
Startsted: Gjerset 
Tid: 30-40 min
Parkering: Ved start på Gjerset / langs gamlevegen / forsamlingshuset
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Brattvåg
Tid: ca. 1 time
Kan kombineres med: Gjersetvatnet, Høgstølen, Hesten, Kjerringane

Terreng:
Frå Gjerset: Fin grusveg ca. 2/3 av distansen. Deretter fin rås i moderat stigning i ca. 10 minutt.
OBS! Drikkevasskjelde!

Urkedalsvatnet sett frå Skulstadhornet. Hesten ragar bak.



Raskaste vegen til Urkedalsvatnet er å starte på Gjerset. Det er plass til nokre få bilar ved vegen. Alternativ parkeringsplass ved forsamlingshuset 700 meter lenger vest.

Etter 20-25 minutts gange tek ein opp stien til venstre. Denne er merka med skilt. Fin rås heile vegen opp. Det tek ca. 10 minutt fra vegen og opp til vatnet.

Urkedalsvatnet med Hesten i bakgrunnen.

Urkedalsvatnet sett frå Hesten.

 

Høgstølen

Høgste punkt: 189 m.o.h. 
Startsted: Gjerset 
Tid: 30 min (ein veg)
Parkering: Ved start på Gjerset / Forsamlingshuset
Bokregistrering: Nei
Alternativt startsted: Brattvåg
Tid: 40 min
Kan kombineres med:Gjersetvatnet, Urkedalsvatnet, Kjerringane Skulstadhornet

Terreng:

Grusveg. Stigning i 10-15 minutt opp frå Gjerset. Deretter stort sett flatt. Klippestasjonen er lett å sjå frå vegen. 

Turen startar frå Gjerset. Parkering ved vegen eller på forsamlingshuset 700 meter lenger vest.

Fin grusveg gjennom Gjersetdalen til Høgstølen.

Rasteplass ved Høgstølen.

   

Brendenakken

Høgste punkt: 286 m.o.h. 
Startsted: Øvre-Gryta 
Tid: 30-40 min
Parkering: Gartneriet - spør om lov 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Gjerset
Tid: 50-60 min
Kan kombineres med: Hildrehesten -sør, Grytavatnet, Kjerringane, Gjersetvatnet

Terreng:
Brukbar veg frå gartneria på Gryta, ta til høgre etter ca. 10-15 min gange. Lyng og myr. Delar av løypa er noko fuktig og vanntette sko anbefalast på denne turen. Moderat stigning i begynnelsen og slutten av turen. Elles stort sett flatt terreng.

Parkering ved gartneria på Øvre-Gryta. Privat grunn. Spør om lov.

Brendenakken ligg på skrå opp for gartneria på Grytastranda.



Det er ikkje skilt til Brendenakken, men ein startar ved å gå opp mot Grytavatnet.

Ein startar frå eit gardstun å følger ein traktorveg i 10-15 min.

Råsa bort til Brendenakken er ikkje merka med skilt, men med raude band og en stokk.


Norborg sin post på toppen.

Fin utsikt over Grytefjorden.



 

Kjerringane

Høgste punkt: 342 m.o.h. 
Startsted: Gjerset 
Tid: 30-40 min (ein veg)
Parkering: Ved gamlevegen / forsamlingshuset
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Gryta, Holmeset
Tid: 50-60 min frå Gryta. 30 min frå Holmeset.
Kan kombineres med: Gjersetvatnet, Urkedalsvatnet, Høgstølen, Hesten

Terreng:
Fin veg opp frå Gjerset i ca. 15 min. Ved skiltet Skulstadhornet, tek ein motsett veg opp til venstre. Her er inga rås. Terrenget er i gras og lyng. Pass opp for enkelte myrområder dei første minutta etter vegen. Når ein har kome opp på toppen fortsette ein vestover i fint og tørt lyngterreng til ein kjem til Norborg si postkasse.

Kjerringane sett frå foten av Hesten.

Starten ved Gjerset.

Etter ca. 15 minutts gange tek ein av til venstre. Her er inga rås som vi kunne finne. Men terrenget er greitt å gå i.

Når ein har kome litt opp i høgda så er det fint terreng i lyng og gras bort til Norborg si postkasse.

Norborg sin post. Kanskje den minst besøkte i Norborg-land.. Underteikna var nr. 20 frå 5. september-10 til 4. august-11.

   

Oføret

Høgste punkt: 225 m.o.h. 
Startsted: Hamnsundet/Uggedalen 
Tid: 10-20 min
Parkering: Fergekaia eller svingen 
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Søvika
Tid: 30
Kan kombineres med: Litlehornet

Oførefjellet er eit fjell for dei som berre vil ha seg ein kort tur. Dei fleste som går dit startar frå Grytastrand-sida, men også frå Søvika er det fin rås opp til varden.

Då vi tok turen starta vi i Hamnsundet. Her er det ei fin trapp som markerer starten. Det er fin og tydeleg rås heilt til toppen. Etter ei slakk opning blir det brattare før det blir slakkare igjen ved omtrent halvgått løype. Ved regn er råsa sleip på enkelte plassar.

Varden på Oførefjellet.


Kjem ein i bil kan ein parkere på ein liten plass i Hamnsund-svingen.


Denne trappa markerer starten på stien.


Postkasse og registreringsbok på toppen. Denne finn du bak steinen litt aust for varden. 

 

Søvikvatnet

Høgste punkt: 291 m.o.h. 
Startsted: Vetegarasja
Tid: 50-60 min
Parkering: Ved vetegarasja / fotballbana
Bokregistrering: -
Alternativt startsted: -
Tid: -
Kan kombineres med: Søvikvarden

Terreng:
Start ved vetegarasja og følg vegen opp mot Gamlemsveten. Etter ca. 20-30 minutt tek ein av mot høgre. Terrenget går då i lyng, gras og til dels myr.


Vi anbefalar å gå den høgstliggande råsa. Den er langt tørrare og tydlegare enn den som ligg lågare.

Ein går då langs vetevegen i ca. 25-30 minutt til ein kjem fram til skiltet. Flatt terreng heretter før det går nedover til vatnet.

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann