onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Badmintongruppa er aktiv i vår!

Aktive konkurransespelarar, unge og eldre, har utmerka seg i konkurransesamanheng den siste tida! Seinast med mange gode resultat på Ålesundsvippen forrige helg, og denne helga er 4 unge håpefulle i Trondheim for å delta på UBM (NM for aldersbestemte klasser).

 

Les mer: Badmintongruppa er aktiv i vår!

 

Årsmøte i badmintongruppa

Det blir årsmøte i badmintongruppa søndag 23. september kl. 19:00

Stad: Søvik Regnskapskontor

Det blir vanlege årsmøtesaker, saker som skal takast opp under "eventuelt" må vere oversendt Noralf Gamlem seinast 16. september.

Vel møtt!

   

Flott innsats av Norborg sine unge badmintonspelarar

I dag vart Ålesundsvippen i badminton arrangert i Larsgårdshallen og etter godt over 100 kampar var vinnarane i dei ulike klassene kåra. Arrangørklubben stilte med ei stor gruppe yngre spelarar og det er kjekt å sjå så mange unge talent i aksjon, men det var ikkje berre arrangørklubben som tok for seg av premiefatet: Også mange av Norborg sine yngre spelarar kom på seierspallen.

 

Les mer: Flott innsats av Norborg sine unge badmintonspelarar

   

Treningssamling i badminton!

Første helga i desember inviterer Norborg til treningssamling for dei yngre i Brattvåghallen.

"Vi har vore så heldige å få spesiell støtte til dette frå STX OSV og dermed har vi kunne få ein av dei aller beste trenarane i landet hit til oss denne helga", seier organisator Randi Ulla til .com, "det er Radu Carlan som opprinneleg er frå Romania som kjem. Han har vore landslagsspelar for Romania, trenar i Italia i åtte år og i Danmark i to år. Han kom til Norge og Otta i 2008. Forutan å vere lærar i badminton ved toppidrettslinja på vidaregåande skule der, er han også tilknytta Norges Badmintonforbund", fortsetter Randi ivrig.

Alle som trenar badminton i Norborg i dag må møte opp, dei får delta gratis (inkludert matservering). Spelarar som tidlegare har vore med er også velkomne så langt plassen tillet det.

Klikk for å lese meir om tidene...

Les mer: Treningssamling i badminton!

   

Treningstider i badminton

For sesongen 2011/2012 er treningstidene for badminton slik:

Måndagar i gymsalen i Søvik:

17:00-18:00: Jenter 4. til 7. klasse
18:00-19:00: Gutar 4. til 7. klasse
19:00-20:00: Gutar ungdomsskulen
20:00-21:00: Jenter ungdomsskulen

Det er fritt fram for å kome på trening sjølv om du ikkje har spelt før eller ikkje har vore på trening hittil i haust. Har du ikkje racket så kan du få låne!

Fredagar frå 18:00-20:30 i Brattvåghallen: Ope for alle aldrar og nivå!

   

Badminton: Bra innsats av Norborg på Vinstra

Frå fredag ettermiddag til i dag vart den tradisjonsrike Midtsommarnattsturneringa i badminton avvikla i Vinstrahallen.

Saman med spelarar frå dei fleste delane av landet, samt ein gjeng svenskar, var Norborg nok ein gong representert. Etter at samtlege kampar var avvikla stod Norborg att med ein siger i herresingle B ved Per Ivar Furholm (Noralf Gamlem vart her nummer 3 etter å ha tapt semifinalen mot nettopp Per Ivar). Per Ivar fekk for øvrig utmerking for å ha delteke på turneringa 10 år, vi sluttar oss til gratulantane både med det og førsteplassen i single.

I mixed double elite vart det tøft for Randi Ulla Nogva og Noralf Gamlem, men dei greidde likevel å hale i land ein tredjeplass.

   

Sterk 3. plass for Norborg sitt badmintonlag

Sist helg vart dei siste kampane i 1. divisjon avdeling Midt-Norge spelt i den nye Larsgårdshallen i Ålesund.

Norborg gjorde ein kjempeinnsats på laurdag mot NTNUI og Leksvik og vann begge kampane, spesielt var 6-4 sigeren mot serieleiaren frå NTNU sterk. Før den siste kampen på søndag mot nabo Ålesund så var Norborg på topp av tabellen, framfor NTNUI og Ålesund. Men det var særs jamnt og alt var avhengig av kampane på søndag.

NTNUI opna friskt og vann sin kamp, men var avhengig av at Ålesund slo Norborg minst 7-3 for å passere dei oransje på tabellen. Kampen mellom Norborg og Ålesund vart akkurat så spanande som ein kunne håpe og sjølv om bylaget var stor favoritt så var det mange svært så jamne kampar, men diverre vann Norborg berre ein av dei jamne kampane og måtte til slutt sjå seg slått nettopp med 7-3. Med dette resultatet gjekk også Ålesund forbi Norborg på tabellen og ein måtte vende heim med 3. plass. Likevel ein sterk sesong av badmintonlaget, som var nærare sin argaste rival Ålesund enn på mange år!

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann