søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Knepent tap for badminton i lokaloppgjer mot Ålesund

På fredag kveld tok Norborg i mot Ålesund til divisjonsspel i Brattvåghallen. På førehand var Ålesund (med ambisjonar om å rykke opp) store favorittar, men heimelaget beit godt frå seg!

Anført av ei Randi i knallform var det spaning heilt til siste slutt, men i den aller siste mix-kampen måtte ein innsjå at favorittane vart for sterke og kunne ta med seg ein 6-4 siger heim att til Ålesund.

Likevel var det ein positiv kamp for Norborg, der Randi vann alle sine kampar og mellom anna for første gong slo Gunn Fiskergaard (som har vore den beste damespelaren i Møre og Romsdal i mange, mange år).

Ny serierunde om 14. dagar, då ventar det kampar også mot Trønder-laga...

 

Resultat frå Midt-norsk meisterskap i badminton

Forrige helg vart Midt-norsk meisterskap i badminton arrangert i den nye idrettshallen i Ålesund. Midt-norsk meisterskap omfattar klubbar og spelarar frå Trøndelag og Møre og Romsdal og Norborg stilte med ei lita tropp av både aldersbestemte og seniorar.

Følgjande resultat vart oppnådd av spelarane frå Norborg-land:

1. plass Damer Single U11: Ingrid Olsen

2. plass Herrer Single U13: Trond Espen Rogne

3. plass Damer Single U13: Anne Margrethe Ulla Staurset

3. plass Damer Double U13: Anne Margrethe Ulla Staurset/Laura Skauvik, Norborg/Sykkylven

3. plass Mixed Double U13:Anne Margrethe Ulla Staurset/Trond Espen Rogne

2. plass Mixed Double A: Randi Ulla Nogva/Martin Haraldsen, Norborg/NTNUI

3. plass Dame double A: Randi Ulla Nogva/Gunn Fiskergaard, Norborg/Ålesund

   

Resultat frå Julecupen i Sykkylven

Søndag 3. januar vart den tradisjonsrike Julecupen i Sykkylven arrangert og spelarar frå Norborg gjorde ein god figur:

1. plass i Herrer Double A: Per Ivar Furholm/Andreas Brunstad, Norborg/Sykkylven

1. plass i Damer Double A: Randi Ulla Nogva/Gunn Fiskergaard, Norborg/Ålesund

1. plass Herrer Single U13: Trond Espen Rogne

1. plass Damer Single U13: Anne-Margrethe Ulla Staurset

2. plass Damer Single U13: Ingrid Olsen

Spesielt hyggeleg er det å sjå at spelarar frå Norborg igjen hevdar seg i dei aldersbestemte klassene!

   

Badminton: Kjemperesultat i Trondheim

Seniorlaget til Norborg badminton var i Trondheim og spelte seriekampar i 1. divisjon avdeling Midt-Norge i helga, og der overraska dei seg sjølve med å to sigrar og ein uavgjort!

Les mer: Badminton: Kjemperesultat i Trondheim

   

Badminton - treningstider sesongen 2010/2011

MÅNDAGAR I GYMSALEN I SØVIKA:

17.00: Jenter i 4. 5. og 6. klasse
18.00: Gutar i 4. 5. og 6. klasse
 
 
TORSDAGAR I BRATTVÅGHALLEN:

Frå kl 17.30 til 19.30:Jenter og gutar i 7. 8. 9. og 10. klasse

Treningstida er valgt med tanke på at ungane kan ta buss til og fra treninga :-)
 
TRENINGANE PÅ MÅNDAGAR OG TORSDAGAR STARTAR OPP VEKA ETTER HAUSTFERIEN.
 
FREDAGAR I BRATTVÅGHALLEN:

Frå kl 18 til 20

Opa trening for alle som ønskjer å trene! Både unge og "gamle" :-)
 

   

Årsmøte i badmintongruppa!

Vil herved kalle inn til årsmøte for Norborg IL Badmintongruppa.

Dato: 3. oktober
Sted: Klubbhuset, Uggedalen
Tid:   Fra kl 17.00

Dersom noen har ei sak dei ønsker skal bli tatt opp på årsmøtet, så send meg en mail om dette innen 1. oktober. 

Randi
Leder i Badmintongruppa

   

God innsats av Norborg på Midtsommarsnattsturnering på Vinstra i helga

I helga vart den tradisjonsrike Midtsommarnattsturneringa i badminton på Vinstra arrangert for 20. gong og også i år hevda Norborg seg bra. Det vart ein første, ein andre og ein tredje plass, noko som ikkje var dårleg når det i år faktisk berre var to spelarar frå Norborg med.

Les mer: God innsats av Norborg på Midtsommarsnattsturnering på Vinstra i helga

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann