fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Nyheiter

Norborg-damene herja!

Ellingsøy - Norborg 4-13 (2-6)
Damer 5-er, Ellingsøy KGB, 18.10.11

Mål: Anette Ulla Vegsund 6, Frida Ahrens 3, Kine Kvammen, Jannicke Synnaland Gjerseth, Natalia Groot og eit sjølmål.

Norborg avslutta sesongen på best tenkeleg måte med å rundspele naboen på andre sida av Grytafjorden. Norborg hadde full kontroll kampen igjennom og kunne ha vunne med større siffer om ikkje stolpane stod i vegen. Berre i 1. omgang trefte ein stolpane fem gongar. 2. omgang vart ein parademarsj for oransjetrøyene som verkeleg har funne haustforma. Med denne sigeren passerte ein Ellingsøy på tabellen.

Anette Ulla Vegsund vart toppscorar med totalt 25 mål. Toppscorarliste finn dykk her.
 

Norborgdamene herja - fram til pause

Herd sr. - Norborg 9-8 (1-7)
Herd KGB 04.11.11, damer 5-er

Mål: Frida Ahrens 4, Jannicke Synnaland Gjerseth 3 og Anette Ulla Vegsund.

Norborg dominerte fullstendig før pause og scora mål på mål, medan debutantkeeper (?) Silje Nogva var nær ved å halde nullen. Det stod dermed 1-7 til Norborg når ein gjekk til pause. Men i 2. omgang kom Norborg sin tynne tropp til syne. Med berre ein innbyttar og spelarar som sleit med krampe så vart det ein tøff 2. omgang. Herd greidde dermed å snu kampen til 9-8 siger. - Hadde vi hatt med ei eller to til av våre faste spelarar, så hadde vi vunne dette, konkluderte trenar André Larsen etter kampen. Likevel, vi ser i alle fall kva som bur i laget så lenge kreftene held. Herd tok med denne sigeren over tabelltoppen.
 

Redda æra etter skrekkopning

Herd jr. - Norborg 15-12 (9-9)
5-ar damer, 26.09.11

Mål: Anette Ulla Vegsund 3, Frida Ahrens 2, Nathalie Dale 2, Kine Kvammen 2, Sandra Larsen 1, Sunniva Johansen 1 og eitt sjølvmål.

Norborg-damene fekk ein grusom start i bortemøtet med Herd og låg under 8-1 når det var spelt 20 minutt. Men så slo oransjetrøyene kraftig tilbake og laga gjekk til pause med 9-9. I 2. omgang så fekk Norborg ein god start å leia 10-11, men kreftene tok slutt og Herd snudde kampen til sin favør. - Eg er imponert over Norborg, for i dag hadde vi med fleire som spelar i 3. divisjon. Norborg bør vurdere å melde på eit lag i inne-KM, sa Herd sin trenar etter kampen.

Anette Ulla Vegsund scora i dag tre mål og befesta sin posisjon som toppscorar. Anette har 14 mål, medan Sandra Larsen og Frida Ahrens har 9 kvar.
   

Damene tok poeng mot topplaget!

Norborg - Skodje 10-10 (4-7)

Mål: Anette Ulla Vegsund 5, Sandra Larsen 2, Jannicke Gjerseth 2 og Kine Kvammen 1.

Norborg sitt 5-er damelag var nær ein sensasjonell siger over topplaget Skodje då ein leia 10-9 like før slutt etter ein sterk 2. omgang. Men Skodje redda eitt poeng i sluttminutta. Likevel ein sterk prestasjon av Norborg.
 

Endeleg for damelaget

Norborg - Ellingsøy 14-10 (9-5)
Damer 5-er, Uggedal KGB, 30.08.11

Mål: Sandra Larsen 4, Frida Ahrens 3, Anette Ulla Vegsund 2, Hege Pia Hansen Sandbakk 2, Linda Flem Stavik, Natalia Groot og eitt sjølvmål.

Norborg sitt damelag tok årets første siger då dei vann målorgien mot Ellingsøy med 14-10. Oransjetrøyene la grunnlaget med ein god 1. omgang og gjekk til pause med 9-5 leiing. Ellingsøy scora 2. omgangs første mål, men nærmare kom ikkje dei gule og blå, og Norborg kontrollerte inn til ein flott siger.

 

   

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann