fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Hesten-sør

Høgste punkt: 740 m.o.h. 
Startsted: Gjerset
Tid: 1 - 1,5 time (ein veg)
Parkering: Ved gamlevegen / forsamlingshuset
Bokregistrering: Ja
Alternativt startsted: Gryat, Holmeset, Brattvåg, Hildre
Tid: 1-2 timer
Kan kombineres med:Grytavatnet, Gjersetvatnet, Høgstølen, Urkedalsvatnet, Kjerringane

Terreng:
Frå Gjerset: Grusveg i ca. 20-25 minutt til ein tek av opp mot Urkedalsvatnet. Moderat stigning i fin rås opp til vatnet. Flatar ut eit stykke etter vatnet før ein startar på stigninga opp mot Hesten. Fin rås store delar av turen før ein må over ei ur i bratt stigning før toppen. Når ein kjem opp på "taket" går ein til høgre bort til Norborg sin post ved varden.

Frå Øvre-Gryta: Traktorveg i starten. Moderat stigning. Når ein må gå av vegen er det først sti gjennom lyng. Seinare stein. Stigninga blir då bratt.

Hesten sett frå Skulstadhornet, med Tinden (437 moh) framfor.


Vi starta frå Gjerset. Ein brukar ca. 10 minutt mindre tid om ein startar frå Øvre-Gryta, men råsa er ikkje så fin.



Hesten sett frå Gjersetdalen.

Når ein kjem til Urkedalsvatnet går ein over murkanten og fortsette på fin rås til foten av fjellet.

Så begynne stigninga. Fin og godt merka rås heile vegen.


Norborg sin post er ved varden i sør.

Oppe på Hesten er det relativt flate "vidder" med gras og stein frå "hesterompa" i sør til Hestehovudet i nord.

 

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann