fredag, november 24, 2017
   
Text Size

28.10.06 Grytastranda - Søvik 5-2

Grytastranda - Søvik 5-2 (3-1)
Uggedal grus, 28.10.06

8 sjansar 6
5 cornere 5

0-1 Ståle Hurlen (23)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (31)
2-1 Stig Wold (36)
3-1 Lennart Holmem (39)
4-1 Kim Idar Krogsethagen (57)
5-1 Stig Wold (82)
5-2 Ståle Hurlen (87)

Tilskodarar: ca. 60

Dommar: Arild Vegsund (Blindheim)

GBG: Espen Wold (Kenneth Vegsund, 80) - Jan Even Drønnesund, Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten (Martin Holmeset, 73), Vebjørn Grytten (Øystein Grytten, 40) (Stig Wold, 73) - Stig Wold (Geir Magne Grande, 40) (Erlend York, 63), Adrian Håbet (Biarte Hånes, 62), Steffen Grytten (Geir Magne Grande, 82), Tarjei Gjerset Urkedal - Lennart Holmem (Kristoffer Engeset, 70), Kristoffer Engeset (Kim Idar Krogsethagen , 29)

Søvik: Geir Roar Gamlem - Stein Erik Alvestad, Asgeir Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Stein Erik Reitan - Noralf Gamlem, André Larsen, Kristian Søviknes, Kristoffer Søviknes - Edward Laverton, Ståle Hurlen.
Benytta innb.: Trond Elstad, Kristian Furnes, Eivind Fjørtoft, Bee, Ole Johan Urke, Elling Mikal Kalvø, Fredrik Furnes og Audun Mikalsen.

Pokalen er igjen tilbake på Grytastranda etter eitt år i Søvika. I laurdagens bygdakamp var det liten tvil kvar sigeren skulle havne. Eit effektivt og til tider velspelande GBG-lag vann heile 5-2 over Søvik.

I folketal er Søvik dobbelt så stor som Grytastranda, men på fotballbana er det Grytastranda som er storebror, og hadde få problem med å vinne sin femte bygdakamp på seks forsøk.

Heldig scoring
Etter eit jamspelt og sjansefattig opningskvarter tok Grytastranda over spelet og kom seg til eit par brukbare sjansar ved Tarjei Urkedal og Lennart Holmem, men forsøka traff ikkje innafor stengerne. Det var dermed mot spelets gong at Søvik tok leiinga då keeper Espen Wold si klarering treff Ståle Hurlen og ballen trillar i mål.

GBG skrur opp tempoet
Målet tente GBG, og etter ein halvtimes spel vinn ein ballen høgt oppe på bana. Ballen havnar til slutt hos Tarjei Urkedal som utliknar på eit velplassert skot frå 16 meter. GBG fortsetter med flott spel, og fem minutt seinare tek ein fortent leiinga då eit langt oppspel frå Espen Wold når Kim Idar Krogsethagen. Han gir til Lennart Holmem, som spelar igjennom til ein umarkert Stig Wold som skyt kontant i mål frå 12 meter. GBG har snudd kampen på kort tid, og eit tydeleg rysta Søvik-lag skal få enda meir i sekken. Dryge fem minutt før pause kjem Tarjei Urkedal seg rundt på kanten og legg presist inn til Lennart Holmem som på direkten plasserar ballen perfekt inne ved lengste stolpe.

Søvik fekk lite til i denne omgangen, og bortsett frå målet og ei heading av Ståle Hurlen hadde GBG full kontroll. Det var dermed ei fortent 3-1 leiing til pause.

Punkterer kampen
Etter kvila er det Søvik og Audun Mikalsen som kjem seg til første sjansen, men forsøket til Mikalsen frå 16 meter går utafor. Det er likevel GBG som er det kvassaste laget det første kvarteret, og spesielt Adrian Håbet startar å herje. I det 50. minuttet tek han med seg ballen frå midtbana, spelar vegg med Kim Idar Krogsethagen, men skyt like over Trond Elstad sitt mål. Nokre minutt seinare er Håbet igjen i fint driv og Ole Johan Urke må bruke ulovlege midlar for å stoppe han. Dommar Arild Vegsund meinar at feillinga skjedde innafor 16 meteren og dømmer straffe. - Forseelsen skjedde nok utafor, uttalte ein ærleg Adrian Håbet etter kampen. GBG og Kim Idar Krogsethagen viste imidlertid ingen nåde og sette straffa knallhardt i mål. 4-1, og kampen er punktert.

GBG verkar fornøgd og Søvik tek over kampen, men bortsett frå ein stor sjanse ved Audun Mikalsen då han finn seg sjølv aleine med keeper, har GBG kontroll. Avslutninga til Mikalsen gjekk for øvreg over mål.

Dobbel-Wold
I staden for redusering er det GBG som aukar til 5-1 ved Stig Wold. Han får stå heilt fritt på bakre stolpe å heade inn ein godt slått corner av Kristoffer Engeset, som Biarte Hånes stussa vidare til Wold. Wold studerar i Tondheim og tok turen til Sunnmøre kun for å spele kamp. Med to mål og GBG siger fekk han iallfall valuta for pengane. I sluttminutta trykker Søvik på og tre minutt før slutt pynter Ståle Hurlen på resultatet.

Fortent siger til GBG som spesielt den første timen var eit par hakk for store for Søvik. - Følte vi hadde full kontroll på Søvik kampen igjennom, og det måtte også tilfeldigheiter til for at dei skulle score. Pokalen er endeleg tilbake i rett bygd, sa GBG-manager Frode Engeset etter kampen. To offside mål og ei billeg straffe, var FC Søvik-manager Jan Egil Alstadsæter sin kommentar.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann