onsdag, november 22, 2017
   
Text Size

Om norborg.com

Norborg.com vart offisielt opna 7. mars 2001.
Før den tid hadde Roger Grytten lagt ned fleirfaldige timar i arbeidet med sida. Han gjekk IT-studier i Volda og var inne i ei opplæringsfase. Arbeidet med ei slik side var først berre ein artig måte å repetere på.

To fluger i ein smekk
Så dukka ei semesteroppgåve med vide rammer opp. Hovudsakleg skulle det lagast ei heimeside. Roger la to og to saman, og etter litt overbevisning kunne han ta til på norborgsida, samtidig som han fekk betalt for arbeidet i vektal.

Frode kjem på bana
Ikkje lenge etter at Roger starta arbeidet med sida fekk han selskap av Frode Engeset, som også studerte i Volda. Han sat på en del historie og statistikk om klubben som var til nytte. Når sida kom ut på nett og kampane kom igang tok han på seg å skrive referat frå herrekampane og forskjellige andre artiklar, som Roger fekk publisere på nettet.

Besøkstalet er stabilt
Etter kort tid vart sida godt kjend i Haram og besøkstalet steig kjapt før det la seg på omtrent 150 besøkande i veka. Norborg-sida hadde nådd si målgruppe, som var herrelaget, og vi kunne vere fornøgd med suksessen.

Arbeidet med den nye sida tek til
Etter den første sesongen var over, starta Roger planlegginga av ei ny side. Ei Norborg side som skulle dekke alt som skjer innan IL Norborg. Den nye sida kunne lanserast den 7. januar. Gjennom kontakt med fotball-formannen Bernard Laverton nådde vi ut til styret og nesten alle aldersbestemte lag. Sida var av betre kvalitet og målgruppa var større.

Frode blir redaktør
I mars 2002 går Frode med på å installere den nødvendige programvara på si eiga maskin. Han tek på seg det daglege arbeidet med artiklar, referat og statistikk. Samtidig som han også forandra litt på menyvala og fekk badminton inn i på sida. Oppdateringane skaut i veret og sida blir no oppdatert minst ein gong om dagen. Dette førte til at besøkstalet også steig kraftig og nådde ca. 800 i veka i juni 2002. Etter at Frode kom "på bana" trekte Roger seg litt tilbake etter ei lengre periode med dagleg arbeid.

På 12. plass i Noreg
I mars 2003 var heimesida kåra til Noregs 12. beste av fotballen.no. Dette var ein klar framgang frå 47. plassen ein fekk året før. Redaktør Engeset uttalte; "Vi er i utgangspunktet fornøgd med ein 12. plass, men føler at vi har fått litt låge karakterar på enkelte områder. Spesielt innhald og design".

Oppskrifta er på plass

Vi har no forstått at kun mykje arbeid kan oppretthalde den gode standarden på sida. Alt i alt blir det brukt over 20 timer i veka på sida.

Kristian vert tilsett
2. januar 2003 vart norborg.com redaksjonen til ein trio. Kristian Søviknes vart funne verdig ein jobb i norborg.com. Kristian har i løpet av 2002 skreve mange kampreferat for juniorlaget, innsamla mykje historie og har tipsa oss om mange nyheiter, men det er først no han har fått den nødvendige programvara og informasjonen som trengs for å oppdatere sida sjølv. Kristian sitt hovudvirke vil bli dei aldersbestemte laga og oppdatere dei nyheitene han kjem over, men kjenne vi Kristian rett kjem han nok til å gjere innflytelse på andre områder også.

Ny side lansert i 2010
Frode var den som drog lasset av sida utover tiåret og med den etter kvart gamle teknologien passa den også best som eit "einmannsforetak". Ein lettare overarbeidd Frode ba etter kvart styret om hjelp til å få på plass ei ny heimeside som kunne oppdaterast av fleire samstundes. Han fekk med seg styret i Norborg og i april 2010 var endeleg ei ny side på plass. Ei side som har fleire brukarar som kan oppdatere. Alexander Holmeset kom inn som Norborg sin IT-sjef og stod for opplæring av brukarane. Likevel, det blir diverre den dag i dag først og fremst med Frode sine oppdateringar. Her må dei ulike lagleiarane/trenarane på aldersbestemt nivå ta meir ansvar om vi skal få ei livleg side framover.   

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann