søndag, november 19, 2017
   
Text Size

Knepent tap for badminton i lokaloppgjer mot Ålesund

På fredag kveld tok Norborg i mot Ålesund til divisjonsspel i Brattvåghallen. På førehand var Ålesund (med ambisjonar om å rykke opp) store favorittar, men heimelaget beit godt frå seg!

Anført av ei Randi i knallform var det spaning heilt til siste slutt, men i den aller siste mix-kampen måtte ein innsjå at favorittane vart for sterke og kunne ta med seg ein 6-4 siger heim att til Ålesund.

Likevel var det ein positiv kamp for Norborg, der Randi vann alle sine kampar og mellom anna for første gong slo Gunn Fiskergaard (som har vore den beste damespelaren i Møre og Romsdal i mange, mange år).

Ny serierunde om 14. dagar, då ventar det kampar også mot Trønder-laga...

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann