fredag, november 24, 2017
   
Text Size

Volstad senka Grytastranda

Grytastranda - Søvik 1-2 (1-0)
Norborg KGB, 30.10.10

Sjansar: 5-8
Cornere: 4-6

1-0 Adrian Håbet (31)
1-1 Skjalg Volstad (78)
1-2 Skjalg Volstad (86)

Det var til slutt laget frå Søvik som kunne juble for siger i lokalderbyet mot Grytastranda. Søvik styrte store delar av kampen, men Grytastranda hadde lenge leiinga etter mål av Adrian Håbet. I løpet av det siste kvarteret vakna Skjalg Volstad og snudde kampen. Først klinka han ballen stolpe inn etter eit langt oppspel i bakrom. Så sette han eit frispark i mål frå 20 meter. Grytastranda fekk ein stor sjanse på overtid, men lukkast ikkje og måtte for første gong i historia sjå seg slått i ordinær speletid.


Laurdag vart den årlege fotballkampen mellom Grytastranda og Søvik spelt. I denne 9. utgåva så hadde laget frå Grytastranda mobilisert og fått heim mange utflyttarar som t.d. Kim Idar Krogsethagen (Fana). Laget frå Søvik bestod stort sett av Norborg sine 3. divisjonsspelarar.

Etter ti minutt med balltrilling og omstendeleg spel kom Søvik seg til kampens første sjanse då ein corner frå Kristian Søviknes fann hovudet til ein umarkert Elling Mikal Kalvø, men avslutninga gjekk utafor. I dei påfølgande minutta skjer det mykje. Grytastranda sin Tarjei Urkedal skyt over, Kristian Søviknes avslutta i tverrliggjar frå distanse, medan Steffen Grytten får to store sjansar for Grytastranda. Den første sette han over mål, den andre vart fantastisk redda av keeper Trond Elstad.

Håbet stig for Grytastranda
Adrian Håbet hadde teke turen frå Bergen for å spele kamp for Grytastranda, og like etter halvtimen spelt fekk han ein stikkar i bakrom, og frå skrått hald sette han ballen sikkert i mål ved lengste stolpe. 1-0 til Grytastranda. Noko som haldt seg til pause.

Søvik-dominans
Etter ein temmeleg jamn 1. omgang tok Søvik meir og meir over kampen etter pause. Etter å ha svidd av tre store sjansar kom så utlikningsmålet 12 minutt før slutt. Ein lang ball vart slått i bakrom til Skjalg Volstad. Han sprang frå alle å sette ballen klinisk stolpe inn frå skrått hald. Og dette skulle bli Skjalg sin store dag. Fire minutt før slutt sette han inn 1-2 på frispark frå 20 meter. Søvik hadde snudd kampen, og sletne grytastrandarar måtte fram på bana. Dette gav større bakrom og Skjalg var nær ved å punktere kampen to minutt før slutt då han var åleine igjennom, men avslutninga var for svak. I staden kunne Grytastranda ved Hans Edvard Nordang utlikne på overtid etter eit innlegg av Jan Even Drønnesund, men avslutninga frå fem meter trilla inn til keeper Elstad. Dermed kunne søvikarane juble for sin tredje bygdakampsiger i historia.

Fortent siger
Fullt fortent siger til Søvik som hadde ballen mest og skapte dei fleste sjansane. Grytastrandarane fekk lite til etter kvila og vart for stasjonære. Elles har vi nok sett langt meir underhaldande bygdakampar. Begge lag var uvanleg ballbesittande og godt organiserte. Med lavt balltempo vart det dermed i lange periodar keisamt på Norborg si kunstgrasbane, men spenninga var heile tida til stades.

Kampens viktigaste spelar var Skjalg Volstad (Søvik) med to mål. Den beste var nok likevel Søvik sin midtstoppar Kristoffer Søviknes (Søvik). Med fart og styrke vart arbeidstilhøva vanskelege for Grytastranda sine offensive spelarar. På Grytastranda var Roger Grytten den beste. Vi er likevel mest imponert over venstreback Vegard Vegsund, som tok turen heim frå Stavanger. Spelaren med 45 A-kampar for Norborg, dei fleste som tenåring på slutten av 90-talet, hadde full kontroll fram til han måtte ut med krampe eit kvarter ut i 2. omgang.

Bjarte Steinsbu (Brattvåg) stilte villig opp som dommar og hadde ein forhaldsvis grei jobb i ein fair-spelt kamp.

Grytastranda (4-4-2): Kurt Erik Grytten - Vegard Vegsund, Roger Grytten, Knut Ivar Bjørlykhaug, Jan Even Drønnesund - Espen Wold, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Adrian Håbet - Tarjei Urkedal, Hans Edvard Nordang.
Innbyttarar: Knut Øyvind Grytten, Peter Elias Grytten, Martin Holmeset, Kenneth Vegsund, Øyvind Davik, Biarte Hånes, Geir Magne Grande, Martin Grytten.

Søvik (4-2-3-1): Trond Elstad - Edward Laverton, Kristoffer Søviknes, Kjell-Terje Brusdal, Kristian Furnes - André Larsen, Elling Mikal Kalvø - Skjalg Volstad, Kristian Søviknes, Ole Johan Urke - Alexander Eide.
Innbyttarar: Johan Stavik, Eivind Fjørtoft, Audun Mikalsen, Geir Ove Grønli, Marius Gamlem.

Sponsorer

 

 

 

 

trendbygg

 

more_hus

norsk-gjenvinning1

hrsolutions

logo security ny jpg

helpmann